Konvoi nr.1, 1997  

Florø - Stavang - Fanøya

Presseoversikt
Den fyrste konvoien fekk mykje omtale i media. Vi vil etter kvart prøve å samle det på vår heimeside.  Men på grunn av latskap og andre dålege alibi har me ikkje fått publisert alt enda. Me jobbar med saken.

Generalen i "Vestarveg"
:”Veikingslep(p) i supervêr”  
01. juli 1997  Firdaposten
Hadde Nupen hatt laurbær lett tilgjengeleg, kunne han lett ha kvilt seg på dei. Veikingkonvoien i helga vart ein fulltreffar både for alle båtfolka og for Stavang-folk og Bataldarar som fekk besøk av dei bolde veikingar. 
Les meir.

Veikingkonvoien treng nesten 700 sponsorkroner.

07.05.1997  Firdaposten
Dei som ikkje er tøffe nok til å reise over Nordsjøen på konvoi har no fått sitt eige alternativ. Veikingkonvoien skal også til øyer vest i havet, men desse øyene heiter Batalden og Askrova. Nupen, som står i spissen for opplegget, seier at konvoien treng omlag 700 kroner for å klare utgiftene sine, og at han håpar brorparten av dette kan dekkast inn av sponsorpengar.
”Viking-gåve til Veikingkonvoien”
09.06.1997   :Firdaposten 
Vikingkonvoien har no gjeve Veikingkonvoien 125 kr. i kulturstøtte. Det er dessutan inngått eit par uklare avtalar på uformell basis. Det heile skjedde under ei enkel markering ved klubbhuset på Furuholmen seint torsdag kveld.
Gavmilde ”veikingar”
Firdaposten 31.12.97:   
Under ein slags seremoni ombord i ”Stabben” måndag delte Veikingkonvoien 1997 ut heile 6750 kroner til gode føremål frå eit overskot på i alt kr. 11874,-
Utdrag av medias dekning av konvoien (ikkje lagt ut)
”Raus rådmann støttar veikingane” 
06.06.1997 Firda: 
Veikingkonvoien fortener støtte, meiner Flora-rådmann Petter Wiberg, som for ein gongs skuld er raus med dei kommunale midlane: Veikingkonvoien har søkt kommunen om 125 kroner, men rådmanne aukar summen med ei heil krone!
”Andre jobbar, vi tek æra”
Firda 10.06.97: 
-Vi har visst større administrative og organisatoriske evner enn vi har vore klar over, for ting skjer utan at vi treng gjere ein skit. Vi tek æra, andre gjer jobben, flirar Vidar Nupen og Dag Roald Bjerk, konvoigeneral og styreleiar for Veikingkonvoien”
”Veikingkonvoien får kaiavgift i Stavang”
Firdaposten ??.97
”Halve Sunnfjord” på bryggjedansen"
Firda 30.6.97
Stavang: -Dei eldre sa det har ikkje vore så mange samstundes i Stavang sidan kyrkja vart vigsla i 1957
”Veikare kan det ikkje bli” 
Bergens Tidende 29.6.97:  

Søndag seglar rame sjøfolk i Vikingkonvoi frå Florø til Island.   I går putra dei litt meir forsiktige i Veikingkonvoi til Stavang.

Sjå billeta frå konvoien  

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken