Viking-gåve til Veikingkonvoien
Vikingkonvoien har no gjeve Veikingkonvoien 125 kroner i ku1turstøtte. Det er dessutan inngått eit par uklare avtalar på uformell basis. Det heile skjedde under ei enkel markering ved klubbhuset på Furuholmen seint torsdag kveld.
Firdaposten: juni  ???  1997: Arne Schei

VIKINGKRONER: Svært seint torsdag kveld overrekte Vikingkonvoien ved Ole Stenbakk kr. 125,- til Veikingkonvoiens far, Nupen. Det heile skjedde under ei enkel markering på Furuholmen. 
Til stades under overleveringa var dessutan fire andre vikingar. Frå venstre:  Nupen, Odd Linseth, Ola Sveen, Ole Stenbakk, Per Halse og Alvdis Solvang.    (Foto: Jan Atle Stang)
Det er Vikingkonvoien som har teke initiativet til eit tettare dialog med veikingane og veikingsjef Vidar Nupen. Han på si side presiserer sterkt at dette ikkje er noko freistnad på samarbeidstakter, men berre dialog.
--- Vårt konsept står sterkt og sjølvstendig. Men det er alltid artig for veikingar å bli tatt på alvor. Vi skal likevel halde på var stil og filosofi, ein filosofi som i korte drag går ut på ha det morosamt. 
Alt som kan bidra til det, ser eg på som positivt, seier ein eksamensstressa Nupen til Firdaposten.


Ikkje Stavfjorden  
Den uformelle dialogen torsdag kveld konkluderte med ein nesten-avtale om at Veikingkonvoien skal kome Vikingkonvoien i møte, og helse vikingane god reise på veg ut frå Florø hamn sundag 29. juni etter kyrkjetid. Det er likevel stor uvisse kring akkurat dette spørsmålet, for Nupen, ansvarleg som han er, vil ikkje stresse deltakarane sine opp tidleg på sundagsmorgonen.
--- Ja, vi lyt ta store atterhald her. For det er ikkje å stikke under ei tofte at veikingane, på det tidspunktet vikingane vil ha avskjedshelsinga, har hatt dryge samkomer bak seg både i Stavang og Batalden. Også dryge seilasar! 
Vi kan difor ikkje love at vi vil klare å rekke inn til Florø så tidleg. Kanskje lyt vi helsast ved Stabben Fyr, seier Nupen.
     Vikingkonvoien på si side har invitert veikingane med på turen frå Florø til Askvoll, men dette har veikingane avslått blankt.
--- Nei, dette blir for kviasamt for oss veikingar. Vi tek rett og slett ikkje sjansen på krysse eit så farleg sjøstykke som Stavfjorden, slår Nupen fast.

Ikkje matpengar 
Ole Stenbakk i Vikingkonvoien ser berre positivt på Veikingkonvoien og veikingplanane deira. Han presiserte under overrekninga av dei 125 kulturkronene at pengane ikkje på nokon måte måtte brukast til mat, heller ikkje veikingdelikatessen sildekaker.
Et for Guds skuld ikkje opp pengane. Drikk dei opp var Stenbakk si vikingbøn tii Nupen.    .  Ole Stenbakk og Vikingkonvoien ville med desse kulturmidlane sikre seg at Veikingkonvoien fekk nok middlar til rådvelde, og ikkje måtte slite seg ut på å tigge pengar.

 --- Vi veit kor vanskeleg det er å få ut pengar frå kommunen til slike føremål, og ville difor sikre veikingane den summen dei ventar på frå kommunen. Det ville vere gale om veikingprosjektet skulle ende opp med eit dundrande underskot, for dei har eit rote utgangspunkt, seier Stenbakk.

Søknaden som eit kommunalt tilskot på 125 kroner blir lagt fram for formannskapet 2O. juni, og rådmann Petter Wiberg har rådd formannskapet til å løyve ei krone meir til Veikingkonvoien.

Mykje å lære 
Ole Stenbakk medgjev at Viking-konvoiens kvinner og menn har mykje å lære av veikingane, tildømes på marknadsføringssida.
 --- Dei er svært gode i marknadsføre seg. Her har vi noko å lære. Dei får berre positiv omtale same kva dei seier. Når eg seier noko, blir eg nærast saksøkt, Seier han. 

 --- Einskilde har hevda at veikingane sitt mål berre er å drite ut Vikingkonvoien. Kva seier du til det, Stenbakk?
---  Dei som hevdar noko slikt har ein annan humor enn det vi i Vikingkonvoien har. Vi ser på Veikingkonvoien som svært positivt og humoristisk. Dei hadde ein svært god ide og det var denne ideen vi gjrne ville honorere gjennom ei kulturstøtte.
Stenbakk meiner likevel at skrekkscenario nummer ein er at veikingane gjennomfører konvoien sin medan vikingane blir liggande vêrfaste i Florø
Då reiser eg vekk, eller hiv meg på Veikingkonvoien, seier Stenbakk, og legg til at alle må tole denne forma for humor utan å snakke om jantelov og vondsinna baktankar.

--- Eg vil seie det silk at dersom eg ikkje hadde vore med i Veikingkonvoien, ja, sa hadde eg garantert delteke i Veikingkonvoien.
   Påmeldingslistene til Veikingkonvoien blei i helga lagt ut på utestader og kafear i Florø.
   Nupen presiserer at dette er ein tur som passar like godt for familiar som for einslege og for gamle som for unge.
.

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

 

 

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken