Florø - Rognaldsvåg - Askrova 
Fredag 24. til Sundag 26. juni 2005
(Veik - Vis - Vilter)

Årets Veikingkonvoi får kongebesøk
FLORØ: Veikingkonvoien legg reiseruta til Askrova og Rognaldsvåg denne sommaren. Og i år blir det lagt inn eit kongebesøk, ikkje av Harald V, men av sjølvaste Fusakongen.

KLAR: Nupen er klar til ny og dristig konvoi. Denne gongen i vesterlei. Frå Venstre:   Foto: Knut Magnussen

Konvoigeneral Vidar Nupen presenterte programmet på Quality Hotel Florø torsdag 21. april. Fredag 24. juni går startskotet for den 9. Veikingkonvoien med første dag i vesterveg til Rognaldsvåg og deretter Askrova i sør.

– I år får konvoien også besøk av Hans Majestet Visekongen av Fusa, som svingar innom på si signingsferd. Han let seg gjerne hylle av alle trælar i fjordfylket, fortel veikinggeneralen.
 
FUSAKONGEN: Sjølvaste visekongen av Fusa vil la seg hylle under årets konvoi  Foto: Dag Magne Knapstad

Nytt av året er "Veikinglotto", der 1.-premien er ein båt frå Solheim Diesel AS. Inntektene frå lotteriet går til drift av eit prosjekt som blei starta i fjor. Det heiter "sikkerhet på sjøen". Askrova Grendalag dreg rundt og besøkjer skular og organisasjonar i samarbeid med Jon Ellingsund frå Flora Røde Kors.

– Det blir mykje aktiviteter for både vaksne og barn. Det blir dans med Salhusvinskvetten og Nybø Band. Tore Skarstein frå Mat & Sirkus skal lage mat med lokale råvarer, og det blir open gard og auksjon. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, og at dette er ein konvoi som passar for heile familien, seier Nupen.

Nytt av året er også Veikingkonvoiens kartteneste. I Firdaposten si laurdagsutgåve 25. juni vil dei setje inn ei kartskisse der ein kan klippe ut korleis turen går vidare til Askrova. Påmeldingsavgifta er uendra og ligg framleis på vanleg brevporto som er kroner 6. Båtar over 30 fot må betale dobbel avgift.

– Trøysta får vere at vanlege kajakkar går som vanleg B-post, avsluttar Nupen.

Firdaposten 23. april 2005:  Alf Vidar Snæland
 


 

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken