Nupen klar for Veikingkonvoi

Så er det snart i veiking igjen, og det er sjette året på rad. I år går turen frå Florø til Askrova og Svanøy, og det skjer siste helg i juni. 
Firdaposten  13.06.02 Av: Harald j. Stavang
Iden som stasrta som ein fleip eller eit stunt, unnfanga på ein fest for seks år sidan, har utvikla seg til sommarens happening for båtfolk i Flora-distriktet. Det er i ferd med å bli ein tradisjon.

Første gongen var sommaren 1997, i eit aldeles strålande vær inn Vassreset mot Stavang. Ein mangslungen flåte med alt frå badekarliknande flytereiskapar med parasoll til store skøyter og bruksbåtar.  Dagen etter gjekk turen til Batalden med meir festivitas om kvelden, og søndag møtte dei Vikingkonvoien på veg vest, medan veikingane streva seg heim i svartestilla.

Det var ein dundrande suksess, og sidan har det balla på seg. I fjor vart konvoien kombinert med Rotstokk-festival (dans og jonsokmoro på Rota), og det vart igjen bokstaveleg tala øyredøyvande, og dertil festeleg fest. 158 båtar vart talde på på veg til Stavang fredagskvelden, og jonsok aftan var ein stor del av dei attende på Florevika til bålbrenning og gaman.

Det heiter seg at ein skal ikkje prøve å kopiere ein suksess, men tilfellet Veikingkonvoien er vist unntaket som stadfester regelen.

Harald J. Stavang  57757302 

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken