Florø - Stavang - Svanøy 
Fredag 25. til 27. juni 2004
(Veik - Ven - Varm)

INNBYDING

             Vyrde Veiking!  
 
For 8. år på rad legg vi ut på veikingkonvoi, ein konvoi som for mange har vorte ein obligatorisk og årviss møtestad. I år legg vi turen attende til Stavang og Svanøy,  
 Sjå kartet
I Stavang blir det tradisjonelt program, med brygge dans med bandet
Gilbey's.

Svanøy er det Internasjonal røykelaks festival  Dette blir den store familie dagen med aktiviteter for både store og små.

 

Til like med tidlegare år er det grendelaga og lokale næringsdrivande som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er fornøgde med rosande omtale og såpass med pengar at vi ikkje går i minus. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap.
Ver difor gild og stø opp om veiking-ideala:

  • Stø grendelaga i arbeidet deira!
    (kjøp mat og drykk, betal på dansen!)

  • Stø opp om konvoi-leiinga!
    (T-skjortekjøp, skryt, smisk og rosande ord!)

  • Veikingar yppar ikkje til bråk!
    (betre å sovne fram i ronga!)

  • Veikingar viser båtvit!
    (flytevest, < 0,08%,   dregg, fendrar og nye dieselfilter!)

Til slutt vil vi minne om at påmeldingsavgifta er stege i takt med portoen for A-post. Den er no kommet opp i  kr. 6,00 (=brevporto). Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post og seglbrett er gratis!

Veeel møøøtt!!
 

[Sjå programmet]

Hugs å kjøpe
Veiking T-skjorte
og Veiking-kalott!

Nupen speider mot neste mål

På begge plassane er det nærbutikker, så vi oppfordrer konvoifolket å bruke dei til proviantering. På denne måten er dykk med på å holde liv  i lokalsamfunnet, og dermed med å investere i konvoiens framtid..

Veeel møøøtt i Veiking i 2004 !!  Se heile ruta

Se heimesida til Svanøy

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken