Florø - Stavang - Rognaldsvåg
Fredag 22. til Sundag 24. juni 2007
(Veik - Vedvarande - Vasekte )

Vyrde Veiking!     
I år kastar Veikingkonvoien loss for 11. gong!. I fjor tenkte vi at no var det nok, og at det var siste gong vi for i Veiking. Men presset frå Florøfolk, Bulendinga, Ålfotingar og andre føter har ikkje vore til å halde ut. Dermed er det nok ein gong duka for landets største båtkonvoi.

Fredag dreg vi inn til idylliske Stavang og sponbaronen Anders Haave. Han røykjer ufatteleg mykje, og har lova at her skal det bli røykjesild og kalde poteter til alle. Han vil dessutan sette over ei diger lapskausgryte slik at svolten skal bli stogga til langt på natt. Sjølvsagt vert det god gammaldags kaidans, så hugs Brylcreme og Stomatol!

Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! Etter sortering av fendrar, dreggtau, dieselfilter, formloff og solbadolje, dukkar vonleg startsveiva fram slik at motoren tek til å dunke. Då dunkar vi oss ut til Rognaldsvågen der Bygdelaget Havglimt tek vel i mot oss. Denne laurdagen bør det vere litt av kvart for ungar og familiefolk å ta seg til. Redningsselskapet stiller med den populære miniskøyta ”Elias”, så her kan poden få prøve seg som skøyteskipper! Elles vert det guida tur rundt ytre Reksta, miniloppemarknad og så skal ballbingen opnast! Om kvelden blir det jonsokbål og dans med Nybø Band.

Til like med tidlegare år, er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale og eit kyss på kinnet. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle.
Avgifta, kr. 6,50 pr. båt (=brevporto) betalar du på kaia i vågen. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!

Hugs å kjøpe T-skjorte og Veiking-kalott!!!

Veeel møøøtt!!
 

For dei som ikkje har eigen båt er det mulig å komme seg til Rognaldsvågen med rutebåt
.

På  båe plassane er det nærbutikk, så vi oppfordrer konvoifolket å bruke dei til proviantering. På denne måten er dykk med på å halde liv i lokalsamfunnet, og er der med med å investere i bygdene og konvoiens framtid..

Veeel møøøtt i Veiking i 2007 !! 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken