Florø - Stavang - Svanøy 
Fredag 25. til 27. juni 2004
(Veik - Ven - Varm)

Presseoversikt 2004

Veikingkonvoien til Stavang og Svanøy

General Vidar Nupen avslørte på pressekonferansen på Galeasen Svanhild torsdag, at kursen til Veikingkonvoien 2004 blir sett sørover til Stavang. Laurdagen går konvoien vidare til Svanøy der den første internasjonale røykelaksfestivalen finn stad.

SØROVER: Frå den trygge stillehavsflåten i Furuholmen har veikingleiinga avgjort at konvoien i år skal gå sørover mot Stavang og Svanøy. Nytt av året er at det blir røykelaksfestival på Svanøy på same tid. Frå venstre, røykelaksgourmet Lene Træen, generalsekretær Dag Magne Knapstad og veikinggeneralen sjølv Vidar Nupen. (Foto: Dag Frøyen)

Veikingleiinga har i høve til den store deltakinga i fjor med 170 båtar som gjekk i veiking, teke omsyn til at det blir eit stort arrangement. I og med at dei har gått i kompaniskap med Svanøy-samfunnet og røykelaksfestivalen, er begge arrangementa noko som freistar lokale så vel som internasjonale turistar. Festivalen på Svanøy skal i tillegg syte for at det blir sett opp transport til og frå Florø for dei snekkelause.

Må auke påmeldinga
– Eg er redd for at vi må skru opp påmeldingsavgifta til seks kroner, seier ein alvorleg konvoigeneral Vidar Nupen. Generalsekretær Dag Magne Knapstad fortel at dette har rot i komerialiseringa av postvesenet og at det såleis er faktorar dei ikkje har kontroll over. Dei trur begge at dette ikkje vil verke for avskrekkande på deltakinga.

Frå Florø
Klokka 17.00 fredag 25. juni vert det blese i luren i frå leiargavlen. Deretter vert det i god veiking-ånd stuttaste veg innaskjærs til Stavang.

– I Stavang er det venta at flis-baronen Anders Haave vil dukke opp, kan Nupen avsløre. I tillegg vert det dans og moro i marinaen. Laurdagen vert det frukost før nye støt i frå Gavls-luren skal minne dei veike om at turen går vidare vestover i søndre basseng mot Svanøy.

Røykelaksgilde
Lene Træen er ein av dei arrangementsansvarlege på Svanøy der "Svanøy internasjonale røykelaksfestival" blir skipa. Og den fenomenale røykelaksen laga med kyndig streng, men kjærleg kvinnehand, vil i denne samanhengen stå i sentrum.

– Det vil bli omvisningar på Svanøy Hovudgård, på Hjortesenteret og Marøy Havbruk i samband med festivalen, kan Træen fortelje. Ho har mykje av planane klare, og i kjent Svanøystil så er det vidløftig når ein først skal sette klutane til.

Dei jobbar mellom anna med å få ein kjendiskokk på plass. På laurdagskvelden i Svanøybukt blir det som venta dans, liv og eggerøre til nyrøkte laksesider.

Firdaposten:  Av: Dag Frøyen


 

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken