Flottaste Florø-jonsok på mange år

Den gamle gode jonsokfeiringa kom til attende Flora med Veikingkonvoien finveret og " Rotstoc", den nye kulturmønstringa på Rota. det siste viste potensiale til å bli ei ny stor årleg kulturhending i byen.
Firdaposten  26.06.01 Av: Olav Hatlemark

Ungdommane Janette Frøyen Grotle, Øystein Kristoffersen og Tommas Hopen fant seg ein fin plass oppe på ein knaus på Rota  Foto: Olav Hatlemark
Maken til jonsokbål er det lenge sidan vi har hatt i Florø. Bålet på Klubben brann til langt ut på søndagsnatta. Også elles rundt om langs strandkantane i Flora var det langt fleire bål å sjå enn det som har vore vanleg dei siste åra.
I dagane før hadde folka frå Saga Fjord Base transportert heile 120 tonn med trevyrke ut til Klubben med innleidd brønnbåt etter initiativ frå Saga sjef Agnar Strømnses.
 
Eigne plassar:  Mange fann sine eigne plassar utanfor arrangementsplassen i sjøkanten på Rota, og kosa seg i sommarnatta. . Foto: Olav Hatlemark

Flott bål
Det store bålet på Klubben brann i elegant spiralform og loga snart over det heile, etter at det vart sett fyr på temmeleg nøyaktig klokka 23:00 
          Tidleg ettermiddagen starta tilstrøyminga til Rota. Men den store utfarten kom ikkje skikkeleg i siget før kulturmønstringa var godt i gang.  Frå Florø gjekk veteranbåten Atløy i jamn skytteltrafikk heile kvelden og bringa passasjerar til feiringa til Rota.  Atløy manskapet selde vist nokk heile 1100 billettar og fekk seg heilt sikkert eit bra tilskot til drifta vidare. Ikkje sidan sildetida eller kongebesøket på 60-tallet har det vert så mykje båt på vika.  
        Veikingkonvoien var for lengst på på plass i vika ved kulturarrangementsplassen til kulturarrangemanget konvoien hadde saman med MC-klubben. I tillegg tillegg lam mange andre båtar ut på vika. På Rota lokka og kulturen med lokale krefter og Bergens bandet "Bomb Fishing" som trekkplaster til dansen seinare.

Kom seint
Ein god del av kulturprogrammet var over då storparten av folkehopen samla seg på plattingen med sildeborda og telt, som konvoiarrangørane og motorsykkelfolket hadde rydda på Rota.  derfor gjekk det og litt tid før stemninga tok seg opp.  Amatørane frå Florø underheldt gratis.  Her stilte rockebanda. "Ocktra Police" og "Fur", veikingeneral Vidar Nupen las eigne dikt, Torstein Kvenås underhelt med fløyte og gitar, kultursjef Edvin Helghein gramførde stev, Inge Reksten fekk opp jonsokstemninga med trekspelet sitt, Ugras med Oddbjørn Skeie og Agnes Alisøy stod for stemningsfull visesong og Kolbjørn Taklo underheldt med fela si.  Stort spenn og god innsats.

 
Arrangørane hadde rigga opp sildebord til eit par hundretals gjestar. Foto: Olav Hatlemark

Mange gratispassasjerar
Arrangørane på Rota selde  400 billettar, noko primus motor Dag Magne Knapstad er sikker på skal vere meir enn nok til å berge økonomien til Rotstock  arrangementet. Det var nok langt fleire enn dette på øya Jonsokafta. Truleg kunne vi talt tusentalet med dei som var i båtane.  Det betyr mange gratispassatskjerer.  Fleire hol i sperringane, tidvis dårleg kontroll var nok meig grunn til dette enn uvilje til å betale, trur Knapstad. Sjølv tek han ein vesentlig del av ein mulig for dette på si kappe.  Kollisjon med eit bryllaup der storparten av MC-folket var inviterte gjorde at Knapstad fekk mindre hjelp til vakthaldet i starten enn dei trong.  Dessutan kom det meir  folk enn dei hadde venta seg..

Mange stogga også utanfor sperringane og sat og kosa seg o den fine kvelden rundt småbål i viker og nes.  Noko fyll registrerte vi naturlegvis, men kanskje mindre enn vi skulle vente oss.  Og dei som hadde tatt inn for mykje , var helst godt vaksne.

Firdaposten  26.06.01
Olav Hatlemark (olav.hatlemark@firdaposten.no)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

 
Mange var med MS Atløy til og frå Rota.
Foto: Olav Hatlemark
Roleg helg
Trass i storarrangementet på Rot, Veikkingkonvoien og mykje folk ute i gatene Jonsokafta, hadde politiet i går ikkje noko å melde. Ei veldig roleg helg i Florø for politiet, stadfestar vakthavande på politihuset.

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken