Stø kurs for konvoien
FLORØ: Veikingkonvoien har i år alliert seg med redningsskøyta "Haakon VII", og satsar på at skipper Karl Evjen med mannskap skal lose dei trygt frå hamn til hamn.
Firdaposten  21.06.00  Av: Magnhild Hauge
FORVIRRA VEIKINGAR: (f.v.) Dag Magne Knapstad, skippar Karl Evjen på Redningsskjøyta, veikinggeneral Vidar Nupen og Eirin Hegranes. Mange forslag til svar på spørsmålet om kva retning Rognaldsvågen ligg.
Foto: Magnhild Hauge
Det er ikkje godt å seie kor mange som vert med på årets Veikingkonvoi. Sommaren 1998 var det stygt ver då Veikingkonvoien kasta loss, likevel vart 50 båtar med på ferda.
Alternative veikingar
Byråkratiske ordningar som påmelding før avreise driv dei ikkje med i Veikingkonvoien, iifølgje offisiell talsmann Vidar Nupen.

- Vi krev inn påmeldingsavgift fyrst etter at vi er framme i Rognaldsvågen. Tradisjonen tru fylgjer vi portosatsane. Kajakk går til dømes som D-post, kan Vidar Nupen fortelje. Vi har eigentleg ei øvre grense på båtstorleiken på 30 fot, men sidan vi ikkje klarar heilt å unngå større båtar, får dei vere med mot at dei betaler straffeporto lik dobbel takst. Vi er litt skeptiske til å gå Båsundet, så vi satsar på å gå ei alternativ rute - sørsida mot Skorpa.

Tom for kraft og sats
Eit rykte vil ha det til at Vidar Nupen har gjeve lovnad til to blondiner om at dei skal få vere med "storegavlen" på Veikingkonvoien. Sjølv om Nupen har pussa og stelt med "storegavlen" i fleire månader, viser det seg at båten kanskje ikkje vert ferdig i tide.
- Nupen svann bort, han jobba seg mest i hel for dei to blondinene si skyld, seier Dag Knapstad. Vi har vore alvorleg bekymra for han.

- Ja, eg kan berre stadfeste at eg vart til slutt heilt tom for både kraft og sats i arbeidet med "storegavlen", seier Vidar Nupen. Eg var jo redd for at dei to blondinene ikkje ville verte med viss ikkje "storegavlen" vart klar.

Blodig alvor
- Vi anar ikkje korleis det økonomiske fell ut i år, seier Vidar Nupen. I 1998 gjekk vi i minus på grunn av det dårlege veret.
- Kva gjorde de med den minusen frå 1998 då?
- Nei, det anar eg ikkje, seier Vidar Nupen, det er ikkje så mange av oss som er så sterke i kredit og pleti. Men vi vonar at vi i år som i fjor skal få vere gavmilde mot barn og unge i kyst-nære strok ved å dele ut av eit eventuelt overskot til ideelle organisasjonar.

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 


NOKK: Nupen tilbyr nokk, i tilfelle nokon skulle miste framdrifta og trenge assistanse.  (Foto: Magnhild Hauge)

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken