Donerte jolle til seilforeninga
Vidar Nupen , Dag Bjerk og Dag Magne Knapstad, eldsjelene bak Veikingkonvoien, har nytta overskotet frå konvoien til å kjøpe ei optimistjolle til Florø Seilforening.  Torsdag var det overrekking og sjøsetting av jolla på Florøvika.
Firdaposten  29.03.03 Av: Linda Regina Bruvik
OVERREKKING: Dag Bjerk (til høgre) og Vidar Nupen overrekte den spesialdesigna optimistjolla til leiar i Florø seilforening, Venche Byrkjeland. Reklame for nettsida til Veikingkonvoien og ei karrikaturtegning av konvoigeneral Vidar Nupen, signert Halvard Lunde, prydar jolla.  (Foto: Linda Regina Bruvik)
–Med desse høgtidelege ord overrekker eg herved gåva frå Veikingkonvoien, sa Nupen og tok leiar i Florø Seilforening, Venche Byrkjeland, i handa.
–Dette er overskot frå fleire konvoiar som vi har samla opp i eit sylteglas over fleire år. No var det fullt, så vi måtte bruke dei på noko. Då er det veldig kjekt å kunne gje noko til ei forening som driv aktivitet for barn og unge, ein aktivitet uten dyre hallar eller kommunale grasklipparar. Når de i tillegg har fokus på tryggleik, trivsel og sjø er det jo kjempeflott, sa konvoigeneral Nupen.
–Når eit putlete foretak som Veikingkonvoien kan donere ein jolle, så bør mange andre her i byen kunne gjere det og, la han til.
Optimistjolla er dekorert med reklame for konvoien og nettsida deira, og både båten og seglet er pryda med ei karrikaturtegning av generalen sjølv, i kjent stil.
Sjøsetting
Venche Byrkjeland var veldig takksam for gåva, som er verdt over 15 000 kroner.
–Det er kjempeflott å få ein slik båt. Eg er veldig glad for at dei valgte å nytte overskotet sitt på denne måten. Vi har ikkje akkurat god økonomi, vi er avhengige av tenester og dugnadsarbeid, så dette kjem veldig godt med. Optimistjoller vert nytta av unge nybyrjarar mellom 9 og 15 år, og foreninga har alltid bruk for fleire joller til denne aldersgruppa, sa Byrkjeland.
Etter at den formelle overrekkinga var over, var det tid for sjøsetting og prøvesegling.
Anja Eide Onstad (11) var den som fekk æra av å segle jomfruturen i jolla, og under hennar kontroll gjekk båten som ei kule ut på Florøvika.

Linda Regina Bruvik
57 75 73 06
linda.bruvik@firdaposten.no
OPTIMISTJOLLE: Anja Eide Onstad (11) i Florø Seilforening var den første til å prøvesegle Veiking-jolla. (Begge foto: Linda Regina Bruvik)
 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken