–Kjempemessig Veikingkonvoi
Mellom 100 og 150 båtar deltok i årets Veikingkonvoi, og konvoigeneral Vidar Nupen er veldig nøgd:
Firdaposten  30.06.03 Av: Linda Regina Bruvik
VELLUKKA KONVOI: Mellom 100 og 150 båtar deltok i årets Veikingkonvoi. Her samlet på Fanøyvågen (Foto: Dag Magne Knapstad)
– Eg vil takke alle deltakarane som gjorde dette til eit flott konvoi og ein kjempemessig fest!

Konvoien starta fredag, og etter forgassarrens på Florevika sette over 60 båtar kursen mot Rognaldsvåg.

– Etter kvart seig det no til med farkostar, og då vi la til var vi vel nærare 110 båtar. Redningsskøyta ”RS Platou" var med, og det sette vi pris på, vi som er litt veike og redde. Det vart ein kjempekjekk kveld, med mykje moro om bord i båtane. Det var kjekt å sjå igjen mange kjente fjes frå tidlegare konvoiar, seier Nupen.

Nybø-band spelte til dans i vågen, og grendalaget registrerte omkring 400 betalande sjeler.

– Konserten var himla bra! Dei spelte Santana og annan kanonmusikk så det song etter, og vi fekk dansa oss lause til alle moglege rytmar og fotrørsler. Det var stort! seier generalen.

Fanøyvågen
Laurdag dro båtane vidare mot Fanøya, der grendalaget stilte opp med skjergardsløyer og grillmat.

– Det var steikande sol og nydeleg vêr, og dei aller fleste gjekk rundt halvnakne. Vi vart veldig godt tatt imot, der var aktivitetar for alle slags folk. Mellom anna basar, pilkasting, bading, kosing og grilling.

På kvelden spelte Terje Nyhammar opp til dans.

– Her var det faktisk over 400 betalande. Det var òg mykje folk som var att i båtane, dei hadde det så kjekt at dei ikkje fekk tid til å gå på land. Eg trur det var nesten 150 båtar ute. I tillegg kom det mykje folk med ”Atløy” og skyssbåten, den måtte faktisk ta ekstratur, seier Nupen.

Reiseradioen
I år kom det deltakarar frå Værlandet, Bulandet, Førdefjorden, Askvoll og endå til ein båt heilt frå Bergen, så det er tydeleg at Veikingkonvoien ryktast utanfor kommunegrensene. NRK P1 sin reiseradio hadde ytra ønske om å få vere med, men dei hadde ikkje høve denne helga. Derfor kjem dei til Florø og går om bord i gavlen til Nupen onsdag.

– Då er det berre å stille inn radioen mellom kl. 9 og 11 på formiddagen. Dei skal lage program om Florø og om konvoien og litt forskjellig. Eg er redd Veikingkonvoien tek til å bli litt for kjent, vi lyt vel kanskje avgrense deltakartalet til neste år. Kanskje vi skal auke påmeldingsavgifta så det ikkje blir for mange båtar. Då avgrensar jo talet seg sjølv.

Konvoien har hatt ein del inntekter også i år, både på avgifter og på T-skjortesal. Heile 200 T-skjorter har dei kvitta seg med, og Nupen må til å fylle opp sylteglaset igjen.

– Og når det vert fullt, så må vi til å finne nokon å gje pengane til. Eller kjøpe ei gåve av noko slag. Vi får sjå, seier han.

Linda Regina Bruvik
57 75 73 06
linda.bruvik@firdaposten.no
Sjå:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken