Florø - Bareksta - Fanøy
Fredag 27. til Sundag 29. juni 2008
(Veik - Vittig - Volumiøs )

Bareksta i lav sol. Tilskipinga vil førgå på kaia og den kvite bua til høre i bilete, så her er ein ikkje væravhengig for å ha det kjekt

Vyrde Veiking!     
Etter 12 konvoier har me endelig gredd det. Me har fått lov til å vitje kommunens største øy, ...  Hovden. Deretter dreg vi til Fanøya

Fredag 27. juni  Florø - Bareksta
Vi dreg frå Florø til Bareksta, der grendalaget vil ta i mot oss på beste måte. Bareksta har muliges den største og tryggaste hamna Veikingkonvoien har vitja, der ein kan velje om en vil ligge ved hovedkaia der alt skjer, eller om ein vil finne litt roligare stad på andre sida.. Programmet førgår på kaia eller i den store bua. Så her kan ein være innadørs om det regner og. Sjølvsagt vert det dans, så hugs

Laurdag 28. juni Bareksta - Fanøy

Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! Etter sortering av fendrar, dreggtau, dieselfilter, formloff og solbadolje, dukkar vonleg startsveiva fram slik at motoren tek til å dunke. Då dunkar vi oss sørover til Fanøy der vi blir teke i mot med skjærgårdsløye,  Havlandet Kajakkfestival. held foredrag, kajakkutleige og kurs i kajakk. Det blir dans og mykje moro. Denne laurdagen bør det vere litt av kvart for ungar og familiefolk å ta seg til.

Til like med tidlegare år, er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale og eit kyss på kinnet. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar tar omsyn til alle kajakkar, og gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle.

Heller ikkje i år kom me utan om auke i konvoi avgifta. Dette grunna me i alle år har fylgd Posten si prislista for A post.(brev<20g).  Auka er på 50 øre sidan førre år, og konvoiavgifta er beklagelig vis komen opp i kr 7,- pr. båt. .

Konvoiavgifta betalar ein ved landligge på Bareksta eller Fanøy. Båtar over 30 fot må ut med dobbel avgift, mens kajakkar går som tidlegare år som B-post.

Veeel møøøtt!!

Hugs å kjøpe Årets T-skjorte og Veiking-kalott!!!

For dei som ikkje har eigen båt er det mulig å komme seg til Bareksta og Fanøy med rutebåt
 

Me i Veikingkonvoien vil oppfordre konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og nærbutikkane på øyene me vitjar har. Då er dykk med på å halde liv i bygdene og lokalsamfunna.

Veeel møøøtt i Veiking i 2008 !! 

Fanøya har nærbutikk, så bruk den til proviantering.

Nokre aktuelle lenkje til heimeside og skriv.

Hovden Batalden
  Fanøy.no
Nordsjøportalen Visitbatalden.no
  Batalden Havbu

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken