Florø - Bareksta - Fanøy
Fredag 27. til Sundag 29. juni 2008
(Veik - Vittig - Volumiøs )

Velkommen til øya Hovden

Barksta med sin gode hamn. På holmen legg rutebåten til, og nederst på billete ligger Grendahuset, Barekstadtunsom kan leigast for arrangement og overnatting. På nedsida av vegen ligg Vikatun (under bygging på billete) Hhar er 2 leilegheiter på ca. 50 m2 kvar for utleige..

Den største øya i kommunen med sine 15 km2 har eit flott fjellområde som egnar seg yppeleg til turgåing. Det er no laga omlag 25 km med merka turløyper rundt øya og over fjellet. Lett terreng og meir tungt terreng. Lange turar og kortare turar. Ein finn turar som passer alle. Sykkel er eit yppeleg transportmiddel å ta seg fram med på øya. Forutan naturen og alt det ein kan oppleve der, har vi omlag 40 - 45 mennesker fordelt på 5 nasjonar som fastbuande på øya.

Sjølv om vi ikkje er så mange har vi det hyggeleg i lag.

Vi arrangerer sommarfest kvar sommar i fellesferien.
Då har vi basar med kakelotteri, loppemarked og avslutter kvelden med sommardans.

1. helga i juni vert det arrangert ”Nordsjøløype” tur med guida tur til Kvannhoven og Domba. Men ein kan også velge andre trasseer eller gå på egen hand. Ope kafè i grendahuset ”Barekstadtun”

Jonsokfeiring har vi alltid, med bålbrenning og samling i grenda.
I slutten av juni vitjer Veikingkonvoien Bareksta

Vi holder sommerkafè i grendahuset når turistrutene starter ved skuleslutt og fram til skulestart. Open 3 dager i veka tilpassa turistrutene i Florabassenget. I tillegg er det muleg å kjøpe heimelaga ting og heimebakst frå øya på kafèen.
Toalett står åpen i grendahuset heile sommeren for turistar og andre.

1.helga i september arrangerer 4 H vanlegvis tur til Kvannhovden. Kystens dag.

2. kvar tirsdag kl. 19.00 har folket på øya foreining i Barekstadtun, kor vi kjem sammen om kvelden over litt mat og drikke og har gjerne handarbeid som skal nyttast til gevinstar på våre basarar ved påske og sommaren.

2. kvar tirsdag, kl.19.00 møtast den som har lyst utanfor ”Barekstadtun” for trimtur på vegen. Kjekkare å gå i lag enn åleine.

Vi har julebord for folket på øya i Grendahuset i god tid før jul. Då pynter vi oss og hygger oss over god mat og drikke. Enkelte år har vi hjortefest om hausten i staden for julebord.

Nyttårsfeiring har vi også i grendahuset, kor folket kjem saman om kvelden for å hygge seg i lag.

Om sommaren er det kafè kvar laurdagskveld i Barekstadtun, resten av året er det ofte annan kvar laurdag.

Er man interessert i å vere sosial er det alltid noko ein kan ta del i.

Grendahuset, Barekstadtun, kan leigast for arrangement og overnatting.

I Vikatun på nedsida av vegen har vi 2 leilegheiter på ca. 50 m2 kvar. Kvar har 2 soverom, kjøkken, bad og stove. Leilegheitane kan leigast for både langtidsleige og korttidsleige. Sjå vår brosjyre om Vikatun kor du finn alt om leilegheitane. Kano, seilbrett og båt kan leigast.
Sentralt i bygda og like over vegen ligg grendahuset med leikeplass for born.

  • Vi ønsker deg / dere velkommen til øya for å gå på tur, overnatte, utforske, fiske, oppleve natur, for å prøvebu eller verte ein av dei fastbuande m.m. Her er masse frisk luft, vind, sjøsprøyt, sol , sjø, fjøre, masse stein og ein flott natur med opne landskap.
    Her er vi gjestfrie og hjelper den som kjem til øya på beste måte. Enten du er norsk eller kjem frå eit anna land er ikkje noko hindring for å verte godtatt i bygdemiljøet.

    Gratis tomter på opptil 1 mål for fastbuande i begr. område.

    Er det noko du lurer på så ikkje kvi deg til å ta kontakt. Ingen spørsmål for dumme eller for små. Ta kontakt:

    Sisca Broeils. Tlf. pr. 57 74 24 80 , mob. 97 09 60 99
    e-post: siscabroeils@hotmail.com  eller
    Sølvi Bareksten. tlf. pr. 57 74 26 86 (etter kl.17.00 hv.dg) mob.
    97 52 77 83 , e-post: solvi@bareksten.net

    Her kan du laste ned informasjon om øya.

  • Nordsjøløypa (i PDF-format)
  • Velkommen til Hovden (PDF)
  • Overnatting i Bareksta (PDF)

Begge Word dokumenta er beregnet å skrivast ut 2-sidig å brettast for å få sammenheng på sidene

 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken