Florø - Stavang - Rognaldsvåg
Fredag 22. til Sundag 24. juni 2007
(Veik - Vedvarande - Vasekte )

Gåvmilde veikingar

Laurdag opna veikingfolket syltekrukkene, og ut rann det tusentals kroner til Bulandet grendalag og Værlandet vel.

Firdaposten, 17.april 2007, av Olav Hatlemark

VEIKING-GÅVE: Her tek Kurt Rutledal og Linda Landøy sentralt i bildet imot 10.000 kroner av Veiking-sjefane; generalinspektør Dag Magne Knapstad, generalsekretær Dag Roald Bjerk og Veikinggeneral Vidar Nupen

Dei to laga får 10 000 kroner av fjorårets Veiking-overskot for det gode arbeidet dei har gjort med heimesida for øysamfunnet.

God støtte
Men nok òg for å vere uvanleg gode representantar for eit øyfolk som har støtta veikingkonvoien i vått og godt, med solid deltaking,
men også med fast musikk dei seinare åra og ekstra god fiskesuppe til konvoioffiserane.

Stavang - Rognaldsvåg
Under overrekkinga til heimeside- redaktørane Knut Rutledal og Linda Landøy i Florø laurdag, avdekte veikingkonvoigeneral
Vidar Nupen, i følgje med generalsekretærane Dag Roald Bjerk og Dag Magne Knapstad, ruta for sommarens Veikingkonvoi.

Konvoien
går helga etter Kystfestivalen, 22.-23. juni.
Første etappe blir Florø til Stavang der sponbaron Anders Haave tek ansvaret for dans og underhaldning. Neste dag går
konvoien vestover til Rognaldsvåg, der grendelaget tek utfordringa med familieprogrammet. Dette blir Veiking nummer 11 i rekkja.

 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken