Foredrag med Odd –Rune Midtvik  (Maxi)
Jorda Rundt med Vestørn,
Haavebua
Florø, Torsdag 2. oktober. 2008

I 1988  kjøpte Odd –Rune Midtvik (Maxi) i lag med kameratar ei 74 fot treskute frå 1936

Draumen var å segle jorda rundt . Primus motor og kaptein Maxi var 26 år gammal når båten vart kjøpt. Etter 6 år og tusenvis av arbeidstimar  var  restaurering og ombygging ferdig , og det gamle vraket omgjort til ei fantastisk skute.  I juni 1994 var segla heis og kursen satt for eventyr på dei 7 hav.  For kaptein og primus motor Maxi var dette eit stort augeblikk og starten på ein ny livstil.

På si 8 år lange jordomsegling opplevde kaptein og skute det meste av både glede og dramatikk ein kan tenke seg.  I stillehavet fekk skipskassa påfyll då båten ei tid vart legd ut til eit filmselskap for å lage dei kjente filmane  ”Famely Robinson ”og ”return to Trasure Island". I Thailand var dei med på den norsk tv produksjonen ”jakten på det gode liv” .

Etter Thailand opphaldet forsette reisa gjennom det Indiske hav. Til fjerne øyer og det storslåtte Afrika. Utanfor Afrikas berykta kapp fekk skute og mannskap opplevde turens verste storm. I 3 døgn feide ei orkan med vind oppe i 90 knop.(nesten 180 km i timen)  På Madagaskar måtte Maxi og mannskap rømme  landet på grunn av korrupt politi og tvilsam rettsvesen. I Brasil ble Odd rune knivstikket under angrep av lokale piratar. Berre flaks gjorde at han overlevde det brutale nattlege angrepet. Etter 6 mnd i sambaens heimland, segla Vestørn vidare tilbake til Karibien, og kryssa sit eige kjølvatn. Når Maxi solgte Vestørn i Karibien i 2002 hadde kaptein og skute segla  til saman utrolege 40 000 nautiske mil.  

I samband med utgiving av boka "Jorda rundt med Vestørn", har Maxi utarbeidd eit foredrag og visuelle reise frå det eventyrlege prosjektet med Vestørn . Av foredraget som dokumenterer den gigantiske ombygginga av båten, kjem det fram at alt er mogleg så lenge ein har ”jern vilje ” for å nå sine mål.

Maxi er for tida i gong med si andre jordomsegling som han kombinerer med arbeid i Nordsjøen . Han har denne gongen segla aleine, både over Atlanteren og store deler av Stillehavet. Maxi vil halde foredrag i Svelgen. Florø og Måløy før han set seg på flyet for å segle båten sin vidare frå Thailand

Arrangørane vil ønske alle hjerteleg velkommen. og er glad for at eventyraren og livsnytaren Odd-Rune Midtvik vil meddele sine spennande opplevingar med oss alle.

Les meir på Vestørn si heimeside http://home.c2i.net/sailcanari

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken