Florø - Rota - Fanøy
Fredag 23. til Sundag 25. juni 2006
(Veik - Vital - Vidsynt)

Veikingkonvoien er for Seriøs

Generalforsamlinga til Veikingkonvoien meiner dei har vorte for seriøse. Difor skal dei etter konvoien i sommar vurdere å løyse seg opp og legge seg ned. Håpet halde fram av seg sjølv.
– Som ein autonom bevegelse som går av seg sjølv. Ein slags Kjippen på sjøen, med like lite organisering og mangel av organisering,seier konvoigeneral

Firdaposten,  1. juni 2006, av John Holsvik Sørland

Vidar Nupenmeiner Veikingkonvoien har vorte for seriøse, og ønsker seg tilbake til det enkle. (Foto John Holsvik Sørland)

Vidar Nupen. Den hardtarbeidande administratoren er tyngd av stress og han drøymer om at Veikingkonvoien lever sitt eige liv utan organisering og faste rammer,som ein maritim Kjippenvariant der folk møtest til eit fast tidspunkt kvart år, og alle kjenner rituala og kva som skjer.

– Det var aldri meint å bli slik den har blitt, seier Nupen og tenkjer attende på konvoispøken som for ti år sidan utvikla seg til årvisst treffpunkt for småtbåtfolket.
Brått erkjende Nupen at han sjølv faktisk paradoksalt nok hadde vorte konvoisjef. No vil han at ansvaret skal attende der det høyrer heime: Om bord i kvar enkelt båt, før nokon finn på å lage eit motreaksjon på Veikingkonvoien.

– Vi håpar at konvoien skal leve sitt eige liv. Folk må ta ansvar både for seg sjølve og for konvoien.

– Kva om andre tok over stafettpinnen, og vidareutviklar ideane til veikingkonvoien?
Nupen tygg på det. Det skin gjennom at han ikkje heilt liker tanken.

– Vi får sjå. Vi får sjå. No går vi inn i jubileumsåret med dette arrangementet, så får vi sjå korleis vi avsluttar det. Det er kanskje best at vi sjølve vidareutviklar ideane attende til det opphavlege idealet, men vi får sjå, seier han.

Jon Holsvik Sørland 977 15 462
jon.sorland@firdaposten.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken