Florø - Stavang - Rognaldsvåg
Fredag 22. til Sundag 24. juni 2007
(Veik - Vedvarande - Vasekte )

Veikingane sponsar heimeside

FLORØ: Veikingane i Florø er sjarmert i senk av heimesida til Bulandet Grendalag og Værlandet Vel. Difor gir dei 10 000 kroner som skal gjere heimesida enda betre.

Firda, april, 2007, tekst og foto  Ivar Longvastøl

SKRIVAR OG GENERAL: Heimesideskrivarane Kurt Rutledal og Linda Landøy (framme) har fått 10 000 kroner frå Veikingane i Florø. Dei stilte med full generalforsamling, generalinspektør Dag Magne Knapstad (f.v.), konvoigeneral Vidar Nupen og generalsekretær Dag Roald Bjerk

– Vi vert krye, veit du, seier heimesideskrivar Kurt Rutledal i Bulandet.
– Ja, og no må vi gje enda meir, supplerer kollega Linda Landøy i Værlandet.

 syltetøyglas
Laurdag var dei to i Florø for formelt å ta imot gåva. Pengane har allereie komme inn på konto, og gjevarane overrekte to syltetøyglas med mynt, skruar og diverse anna rekvisita for å gje pressekorpset i sunnfjordbyane noko å ta bilete av.
Veikingane stilte med fulltalling generalforsamling; konvoigeneral Vidar Nupen, generalsekretær Dag Roald Bjerk og generalinspektør Dag Magne Knapstad.
Veikingane er glade i alle bulendingar og værlendingar. Først og fremst fordi dei stiller med mange fartøy og stort mannskap på dei årlege konvoiane, men også fordi dei lagar ei heimeside som gjer folk glade – også brukarar med adresse utanfor øyriket lengst vest i Askvoll kommune.

Webkamera på kaia
– Heimesida betyr mykje og gjer Bulandet til ein enda betre stad å bu, sa Nupen i ei kort, formell grunngjeving for gåva.
Veikingane samlar ikkje på pengar, men gir i staden av overskotet til «kulturtiltak for barn og unge i kystnære strok», noko som tidlegare har komme fleire lag og grupper på øyane i Flora til del.
Heimesideskrivarane har allereie investert i webkamera som dei tenkjer å plassere på ferjekaia på Værlandet for å følgje med på vêret og trafikken.  

Legg ut motorlydar
Dei treng også nytt utstyr til lydopptak, for å gje eit enda betre tilbod på den populære «Heimlengt sida».
Her kan den som vil gå inn og høyre korleis ord og uttrykk i øydialekta skal uttalast. Linda Landøy har særleg otte for at den karakteristiske palataliseringa (som i fjellj og mannj) skal forsvinne.
Her er også eit dialektopprettingskurs, der utflyttarar kan gå inn og øve før dei kjem heim på ferie, fortel Landøy.
– Eit anna prosjekt, når vi har fått betre råd, kan vere å leggje ut lydar frå ulike båtmotorar, kom det fram på idédugnaden i samband med pressekonferansen i Hjørnevikshagen

 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken