Florø - Rognaldsvåg - Askrova 
Fredag 24. til Sundag 26. juni 2005
(Veik - Vis - Vilter)

Sola kom med veikingane
Fredag ettermiddag såg det mørkt ut for Veikingkonvoien, men vel ein time før avgang letta skydekket og slapp fram sola. – Det var nok pengegåva vår til kyrkja som hjelpte på vêret, smiler konvoigeneral Vidar Nupen.
Firdaposten:  Tirsdag 28. juni 2005, av Linda Regina Bruvik

AVGANG: Ved avgang frå Florø var det 47 båtar i følgjet, og visekongen av Fusa helsa konvoideltakarane. Foto: Dag Magne Knapstad
Generalen sjølv er svært nøgd med helga.
– Konvoien strarta med at visekongen av Fusa helsa båtane. Det var kjekt å ha kongeleg følgje, for i tillegg til visekongen hadde vi både musikarar og eldrerådsleiaren med oss, og vi hadde med Ragnar Hovland og Terje Hellesen som hoffpoetar. Då vi kom til Rognaldsvåg, var den raude løparen lagt ut, og der vart arrangert ein seremoni med musikk, talar og diktlesing på skulen, fortel Nupen.
På kvelden var det dans med Nybøband.
– Då var det ein veldig fin, god gammal veikingstemning i vågen, og vi hadde ei kjekt samkome heilt til lyse morgon. Hamna var stappfull, rundt 90 båtar hadde teke turen. Frå Florø var vi vel 47 båtar, fortel han.
Såg mørkt ut
Laurdag morgon såg veikingane mørkt på det, då skodda hadde lagt seg.
– Vi såg mørkt på det, men tenkte at vi hadde donert såpass mykje pengar til kyrkjemålinga at det burde skine opp. Og det gjorde det! Vi var rett og slett råheldige med heile helga, det vart T-skjortevêr.
På Askrova vart veikingane tekne vel imot på moloa, og her vart det grilling av havets delikatessar.
OPEN GARD: På Espesæter var det open gard, og små og store kosa seg. Her ser en Oda i svevet, medan Anders og Helene gjør seg klar.   Foto: Dag Magne Knapstad

– Her kom det veldig mykje folk med rutebåtane og med ”Atløy”. Båtane måtte gå ekstraturar, og det kom ein del familiefolk for å oppleve open gard på Espesæter, seier Nupen.
På Askrova var det også show med Bjørn Jensen frå Vinskvetten, og seinare på kvelden dans med bergensarane i NonStop-duo.

VINSKVETTEN: Bjørn Jensen frå Vinskvetten underheldt på Askrova laurdag.  Agnes held "ekkomaskina" Foto: Dag Magne Knapstad

– På dansen var det kolossalt med folk! Det er nok ein av dei best besøkte øyadansane nokosinne, eg vert ikkje overraska om det var tusen menneske der.
Eigen veikingsong
I helga fekk konvoideltakarane sjå noko dei sikkert aldri har sett før: rykta seier at sjølvaste generalen vart rørt til tårer.

VART RØRT: Konvoigeneral Vidar Nupen vart rørt under framføringa av Eivind Ask sin Veiking-song. Her sit Alv Inge, Kari, Deon, Ole og Vidar i "Nupegavlen" og syng. Foto: Dag Magne Knapstad

– Eivind Ask, brannmannen, hadde laga ein eigen songtekst til Veikingkonvoien. Eg blei nesten rørt. Songen var kanonbra, og vart framført med både kor og gitarar. Ask er ein ukjend lyrikar, og songen hans vart ein slager denne helga, fortel Nupen.

Linda Regina Bruvik
Tlf. 57 75 73 07
linda.bruvik@firdaposten.no

Sjå og billeta frå årets konvoi

Veikingsangen 2005
Melodi: The last farewell, R. Whittaker

1: Vi rustar opp og reiser ut i "Veiking",
for det er blitt ein årviss tradisjon.
Velkommen kvar ein landkrabbe og bleiking,
de passar i vår organisasjon.
Og ingen er for stor og ei for liten,
ved motorstopp så sørger vi for slep.

Ref.: For vi er Veikinger,
i ruskevêr og vatten,
så helsar vi til hatten.
Her kjem vi!!!

2: Ein Fredagskveld i juni er det avgang,
vi bygger opp litt mot og høg moral.
Bekymringar blir borte med litt allsang,
vi driti' om vêrmeldinga er skral.
For modige vi vert når vi er saman.
"Jaggu skal vi tole det vi får!"

Ref.

3: PÅ kaia står det mykje folk og vinkar,
vi svarar dei med horn og tåkelur.
Langt der ute ser vi Stabben blinkar,
forlokkande til oss som skal på tur.
Vi føler vi skal ut på ville havet,
men turen den går alltid innaskjærs.

Ref.

4: Og ruta vert forandra gjennom åra,
vi kikkar litt på karta slik vi bør.
Og Rognaldsvågen, Stavang og Askrova,
er plassar som vi trur vi har sett før.
Og Skorpefjorden, Ausa og Ålvora,
er kjende stader der vi dreg forbi.

Ref.

5: Historia blei fødd med siste supen,
av ein halvliter i sommarsol i lag,
med gode venner der satt Vidar Nupen,
med drømmen om at: "Kanskje vi ein dag
Kan lage noke for dei små og svake,
der målet er å kose seg i lag!

Ref: Slik vart vi Veikingar
Vi takkar deg, du Nupen!!!
Når vi salig leskar strupen, her i dag!!!!

Helsing ein liten gjeng trufaste vikingar frå m/b "Hela" og m/b "Mariel".
 
 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken