Overskotet frå "Veikingkonvoien" delt ut
Sommarens store happening for dei båtglade Floreværingane var Veikingkonvoien, kanskje eit av dei mest vellykka tilskipingane på lang tid. Det som i utgangspunktet var ein form for fleip eller motkultur mot den meir høgkulturelle konvoien som for heilt til Island med mykje kulturinslag og merksemd. Initiativtakarane konvoigeneral Vidar Nupen og generalsekretær Dag Bjerk og dei andre i veneflokken som i eit lystig lag fekk ideen til denne happeningen vart nok og overraska over den overveldane oppslutnaden og suksessen tilskipinga fekk.
Firdaposten: 31.Desember 1997: Asbjørn Melvær

Frå venstre Arnt Osland, Florø Seilforeining, Dag Bjerk, generalsekretær Vidar Nupen, konvoigeneral, Linda Bruvik Ungdom mot narkotika.

Veikingkonvoien var som namnet seier for oss veikingane som helst held oss innanskjers, men at det skulle vere så mange av oss var vi ikkje klar over. Vi hadde heller ikkje venta noko overskot av nemnande storleik. Men når det først skjedde er det utruleg kjekt å kunne dele det ut til barne og ungdomsarbeid og dersom var vesle skjerv kan vere med a stimulere barna og klubbane deira tii vidare arbeid er det berre stort, seier dei to ovannemte som hadde invitert dei utvalde vinnarane til kaffi, gløgg og pengegåver om bord på M/S Stabben som dei begge er medeigarar i.

Konvoien var berekna på småbåtar som robåtar, snekker og liknande, den hadde ei påmeldingsavgift på 10 øre pr fot så noko kostbar utflukt var det langt frå. Start for konvoien var ved flåta utanfor Hjørnevikbua ein fredag i sommar. Så i konvoi rundt Florelandet, inn Solheimsfjorden og til Stavang. Der var første stopp med dans på kaia til langt ut i dei småe timar. Tidleg neste morgon gjekk reveljen for neste etappe som gjekk vestover til Bataldenøyane, der ein gjorde strandhogg på Fanøya. Der var det lagt opp til mykje forskjellig underhaldning, både for barn og vaksne på skuleplassen utover laurdags ettermiddagen. 
Laurdagskvelden vart avslutta med dans både ute og inne. Flotte amerikanske rytmar frå eit band med chilenarar busett i Bergen. Søndagen bar det inn att i retning Florø for å møte den skikkelege Vikingkonvoien som da starta på si lange reis mot Island, før kvar deltakar gjekk til kvar sin vei for a legge fartøya sine i fortøyingane.

Det himlande gode veret vi fekk den helga var nok medverkande til den store suksessen. Likevel kom det som ei stor overrasking på oss at overskotet skulle bli so stort og vi bestemte oss derfor at vi skulle bruke overskotet slik at det kunne glede flest mogeleg. For jul annonserte vi i Firdaposten, slik at lag og organisasjonar kunne søkje om støtte. Dei vi har innbydd i dag er dei vi har funne verdige mellom dei mange søknadane, sa dei.


Stor utdeling
Måndag femte juledag var det som nemt stor utdeling ombord på M/S Stabben. Vidar Nupen førte ordet medan Dag Bjerk delte ut gåvesjekkane. Vidar la stor vekt på formuleringane i søknadane og at det var mange gode føremål å støtte. Heile 6750 kroner vart utdelt denne ettermiddagen. Vi skal sjå litt på vinnarane og kva pengane skal gå til. Det driftige grendelaget på Svanøy vil starte musikkorps. For 17. mai toget er så stille som ho sa Bjørg Aslaksen då ho på vegne av laget tok i mot deira del som var på 1500 kroner. Laget på Svanøya hadde skrive sin søknad på rim og der tek vi med i sin heile søknaden. 

Slik lydde den:
På Svanøy treng vi mykje meir sjølaga musikk -trur vi
Vi har freista med basar og del var ganske god butikk -trur vi
Men nå må vi nok skaffe meir for å få kjøpt oss ein kornett veit vi,
Så no lyt vi ut i verda for å tigge rett og slett -trur vi
Når no Nupen og dei andre er blitt nissar føre jul -ser vi
Let dei sikkert englepengar dale ned i Svansøyskju1 -trur vi
Da vil heile Svanøyfolket gå i takt ein dag i mai og heise sterke floraveikingar velkomne til vår kai-


Under utdelinga sa Nupen at det sikkert ikkje var nok til ein kornett, men kanskje del heldt til nokre av ventilane. Veikingkommiteen hadde på sitt utdelingsbevis svart med eit dikt som gjekk slik:

På Svanøy treng dei meir sjøllaga musikk ser vi
Vi har freista med konvoi som var ganske god butikk - vei vi.
Vi vil gjere vårt, så vi ein vakker dag i mai - kan bli møtt med glad musikk når vi entrar dykkar kai -trur vi.


Askrova Bygdelag vart tildelt 750 kroner til sitt arbeid for å skaffe lys til fotballbana deira, ei fotballbane som også vert nytta til miniatyrskyting. Slik at dei unge på Askrova kan trene utandørs om vinteren og såleis stå betre rusta til den store øya-cupen som dei skipar til kvar sommar.


Ytterøyane 4H vart tildelt 2000 kroner til sitt arbeid med 4H klubben frå Rogaldsvåg. Ungdommane der ute har m.a. fiska og kokt 2-300 krabbar kvart år slik at alle besøkande på den store Kystdagen som kvar haust vert skipa til på  Kystmuseet får ete så mykje krabbe dei vil.    Dei har også haldt eit stort prosjekt der dei har restauret gamle fortøyningsbåltar eit arbeid som dei vil halde fram med . Dette er eit arbeid som vi veikingane veit å sette pris på. Det er godt a vite at når vi ser desse så veit vi at der er det trygt å ligge for natta, sa Nupen då han gav dei si tildeling. 
På fastlandet gjekk pengane til Krokane 4H som fekk 500 kroner til sitt prosjekt Ved sjøen - frå skårunge til fiskar. Dei ombord på M/S Stabben lovde og at dei i den grad dei har tid skulle stille opp som hjelparar til oppgåva. 
Dei hadde skrive i søknaden at dei først og fremst ynskte praktisk hjelp til oppgåva, så det må høve bra.

Femhudre kroner gjekk og til Florø Seilforening til deira arbeid med å lære ungdommane til å segle optimistjoller. 

Den mest originale søknaden kom frå organisasjonen Ungdom Mot Narkotika som fekk 1500 kroner til sitt livredningskurs for ungdom. 
I søknaden heitte det at i samband ,med at det nye ungdomshuset Haffen skal opne i februar (den ligg yst på den gamle fylkeskaia) er ein del politikarar i Flora bekymra for at hjelpelaus ungdom skai myldre ned på den gamle fylkeskaia og ramle på sjøen. Sidan politikarane bekymrar seg sterkt for oss og samtidig vegrar seg for å spandere tid eller pengar på ungdom, trenger vi hjelp frå dere. heitte det i søknaden om hjelp til eit livredningskurs. Ein søknad Vidar Nupen synest var både god og original og at konvoikomiteen gjerne skulle støtte og med det yngste han alle vinnarane lykke til

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Til:  Konvoien 1999
       Innvitasjonen 1999.
       Hovud sida

 

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken