Rotstock-festivalen kan bli årleg?

Primus motor Dag Magne Knapstad i Florø MC klubb, er stornøgd med Rotstokfestivalen.  Dette kan godt verte eit årleg arrangement, seier han i dag
Firdaposten  26.06.01 Av: Olav Hatlemark
 
Torstei Kvenås (t.v.) og Knut Hjerman var nokre av dei som underheldt på Rota jonsokkvelden. Foto: Olav Hatlemark

Dagen før hadde derimot svaret blitt eit anna.  Då hadde han og Vidar Nupen og nokre få støttespelarar stått i med å førebu arrangementet natt og dag over lengre tid.  Men etter ei natts søvn og mykje positiv respons er han klar til å revurdere...?

-- Men eit vilkår er då at vi greier å få fleire til å hjelpe oss, seier Knapstad.  Han framhever at heile arrangementet var eit stort dugnadsarbeid, men at for mykje nok fall på han sjølv og konvoi-general Nupen...  Folk forstår kanskje ikkje alt som måtte gjærast med å rydde plassen, få sildeborda transportert ut, og sperringane og telta på plass. 
Til ryddejobben fekk dei i allelfall mykje god hjelp frå konvoifolket med Værlandet Karsk & Dartlag i spissen, tidleg søndag morgon og gav ei hand.  
Knapstad har elles mange å  takke for god hjelp.  Mellom andre straumaggregatet dei fekk låne av YFK og Vegvesenet som lånte transportabelt toalett. 
 --- Veikinggenerale Nupen har tidlegare skrytt over at sjeldan har nokon gjort så lite for at det skulle bli så mykje.  Då sikta han til dei første Veikingkonvoiane, der førebuingane stort sett berre var få laga ei annonse.  I år måtte han sjølv legge inn svært mykje arbeid etter samankoplinga med Rotstock-festivalen.  Det er ikkje sikker denne blandinga er den beste. 

Firdaposten  26.06.01
Olav Hatlemark (olav.hatlemark@firdaposten.no)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken