For
9. år på rad legg vi ut på veikingkonvoi, ein konvoi som for
mange har vorte ein obligatorisk og årviss møtestad. Til like
med tidlegare år er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer
alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er fornøgde med rosande omtale
og såpass med pengar at vi ikkje går i minus. Elles er det
sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan
slåsting, båtfyll og anna farkeskap.
I år dreg vi til Rognaldsvåg og Askrova, i visse
om at veikingar og innfødde gjer desse strandhogga til gode og
minnerike opplevingar. Sjå kartet
I år som i fjor vil vi tekke fram laurdagen som
ein fin dag for heile familien. Folket på Askrova vil syte for
eit rikhaldig kulturtilbod for både store og små. Men det heilt
store er at vi i får Kongebesøk!!
Hans Eksellense Visekongen av Fusa
kjem nemleg
på signingsferd, og vil la seg hylle av alle trællar i
fjordfylket. Vi ynskjer både han og
Charge dè Affairs
Fridtjov
Urdal velkomne til oss!
Til slutt vil vi minne om at påmeldingsavgifta
er uendra, dette grunna kryss-subsidiering med Posten Norge BA.
Avgifta, kr. 6,00 pr. båt (= brevporto) betalar du på kaia i
vågen. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får
vere at kajakkar går som B-post!
Veeel møøøtt!!
Hugs å kjøpe T-skjorte og Veiking-kalott!!!
Skriv ut heile programmet i
PDF
For dei som ikkje har eigen båt er
det mulig å komme seg ut på fyljande måte. |
Laurdag:
MS Atløy Florø - Askrova
kl. 18:00 og
20:30
Askrova - Florø
kl. 19:00
og 02:30
Fjordglytt:
Florø - Askrova 07:00 og 14:30
Er det mange som ønsker retur om
natta kan Fjordglytt bestilles. Men da må det være minst
40 stk. Pris pr. person blir da 100,-
|
|
På begge øyene er det nærbutikker, så
vi oppfordrer konvoifolket å bruke dei til
proviantering. På denne måten er dykk med på å holde liv i lokalsamfunnet, og dermed med å investere i konvoiens
framtid..
Veeel
møøøtt
i Veiking
i 2005 !!
Se heile ruta
|