”Veikingslep(p) i supervêr” 
Konvoi Nr. 1.  1997  
Hadde Nupen hatt laurbær lett tilgjengeleg, kunne han lett ha kvilt seg på dei. Veikingkonvoien i helga vart ein fulltreffar både for alle båtfolka og for Stavang-folk og Bataldarar som fekk besøk av dei bolde veikingar. 
Firdaposten 1, juli:    Tekst: Øystein Mikalsen   Foto: Dag Magne Knapstad
Veikingkonvoien er eit godt døme på at det ikkje er mykje som skal til for å ha det kjekt. Alt ein treng er eit hundretals båtar, nydeleg vêr, godt med mat og drikke, og ein halvtussete sunnmøring i eksil med namnet Nupen.

Inga skam... 
Kolbjørn Dyrli skreiv ei helsing til veikingane med følgjande tekst: ”Det er inga skam å gje opp”, men det fantastiske vêret på fredag gjorde at ikkje ein gong veikingane kunne melde pass. Ein periode såg det rett nok ut til at konvoisjef Nupen ikkje skulle få start på den antikke einsylindra maskina si, men etter at tre-fire karar hadde stått med hovudet nede i den grøne motorkassa hans ein halvtime, tok klenodiet til å tøffe friskt.

Den varme solbrisen og solskinet tvang om lag 40 båtar til havs, ut gjennom Ausa, inn Ålvorsundet og Stongasundet til Stavang.

Løyste tamp         
Sjølv kystavisa vågde å løyse tamp og legge på aust. HJS'en og underteikna fann det riktig å sigle fir-keiping med lårsegl inn til første konvoistopp i Stavang. Vel inne la vi båten heilt opp i fjæresteinane på full flo, eit trekk vi skulle få angre på neste morgon.

Stavang-bygda kokte av folk, og det seig stadig på med båtar. "Two brothers an two others" spelte til dans, song, grilling og det som verre var.

Stavangs svar på Bør Børson, Anders Haave, hadde sitt livs kveld. Han hadde sett opp ei lita sals-bu på kaia og ”Haava” inn 70 000 kroner i løpet av fredag kveld og laurdag føremiddag. Som takk til dei veike stilte den lystige handelsmannen med gratis fellesfrukost på kaia morgonen etter. Det var ingen fare for at folk ikkje skulle kome seg opp til frukost, for presis kl. 0755 bles Øystein Roth ein spesialkomponert veikingrevelje på Ess-kornett. Etter ei stund var alle på beina og kosen heldt fram.


Flo og fjøre:  Er ikkje eit felt ekte veikingar kan for mykje om, Derfor vart robåtane som var rodd inn på flo sjø ståande på høgste land når tidevannet gjekk ut.

 

Hiv og hoi. 
Det blei ei flott oppvising i veikskap og generell toskeskap då robåten som hadde fjæra oppe skulle sjøsetjast. Ein heil skokk av karar stod til knes i mudderet og slepte det tunge svinet av ein båt  til sjøs att. Då dette var gjort var det berre å kome seg til sjøs att på veg mot nye utfordringar.

På nytt var heile avreisa truga av Nupen si einsylindra forbanning. Denne gongen var det sveiva til motoren som var vekke. Etter endevending av den opne gavlbåten kom sveiva endeleg til rette, godt gøymt under ein kleshaug som høyrde generalen til.

Skjærgårdsløyer.
No gjekk turen ut til Batalden og meir ”Skjærgårdløyer”. Heile det vesle samfunnet på Fanøya var på beina. Det var bøyekasting, rokonkurranse, loddsal, rømmegraut og lakseeting. Mandolinorkesteret ”Sloboda” var på pletten med konsert, det same var ”Jomentum”. Om kvelden blei det latinamerikanske rytmer då ”Quartel Latino” spelte til dans; hundrevis av folk og nokre millionar knott fekk seg ei svingande stund på skuleplassen. Tilsiget av båtar til Batalden var imponerande. Ut på kvelden var talet kome godt over hundre, og moroa heldt fram lenge etter at siste latinodans var over. Etter kvart som klokka drog seg over midnatt blei himmelen gradvis meir tilskya og godvêret mått vike plassen for litt regn, men etter to solfylte dagar tålte sjølv veikingane ein regndrope eller to.

Ingen seremoni 
Søndagen starta også med revelje à la Roth, og ny motortrøbbel for generalen. Denne gongen så alvorleg at det ikkje fans anna råd enn å slepe leiarbåten inn. 
Planen var at Nupen skulle møte Ole Stenbakk og vikingane hans ute med Stabben og at det skulle vere ein høgtideleg seremoni før den eine gjengen gjekk i land, medan dei andre gjekk over Nordsjøen, men dette blei det ikkje noko av. Nupen hadde budd seg med tale og ein tørrfisk-hale i presang, men vikingane var redde for vind og tok seg ikkje tid til å stoppe for slike veikingar. Trass i dette må det vel eigentleg kunne seiast å ha vore ein relativt vellukka tur for dei veike.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Tilbake til: Hovudside 1997

Sjå bileta frå konvoien 

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken