Rekordveiking mot Stavang

Veikingsjef Vidar Nupen kan innkassere ein ny stor Veikingsiger.  På det meste talde dei 158 båtar med stort og smått under kaifesten i Stavang.  Dette er truleg ny Veiking-rekord, trur Nupen som i Veikingånd ikkje har heilt styr på statistikk.
Firdaposten, 26.06.01  Av: Olav Hatlemark  

 
Veikingane på vei mot Stavang. Foto: Vidar Nupen

 80-90 båtar hengde seg på konvoien frå Florø og innover mot Stavang. Og på Klubben brende eit kjempebål langt utover søndagsnatta.

Fleire kom til frå alle fjordar og viker, og ut på fredagskvelden til dansen på kaien i Stavang talde arrangørane 158 båtar. Småbåtar fylte heile kaiorådet i Stavang, der det etter kvart vart smekkande fult. I tillegg la mange til i vikene i området. Mange kom og til Stavang i bil for å slutte seg til arrangementet, der ”Hæla i taket” sytte for tradisjonell dansemusikk. Bilar fylte opp eit langt parti av vegen eit stykke opp i Stavang.  Anders Haave og Leidulf Grytten kunne i alle høve smile breitt. I den nye puben i den nye bua dei hadde sett opp i gamalt bindingsverk ved kaia i Stavang, var det tidvis ølkø langt ut av døra. 

Rundt om på båtar og nes var det stor semning utover den fine fredagsnatta.  Laurdag reiste dei fleste til Florø for å samlast att på Rota til jonsokfeiring der.

Det heile gjekk veldig bra føre seg til langt ut på natta. Då enda eit oppgjer i slosskamp i fjæra, men ikkje så alvorleg at episoden måtte meldast til politiet.

– Dette hadde ikkje noko med konvoien å gjere, seier Veikingsjef Vidar Nupen. Som nok ein gong kan slå fast at Veikingakonvoien vart ein lokal suksess. Han har i veikingånd ikkje heilt kontroll med statistikken, men trur likevel at dette må vere rekorddeltaking.

Firdaposten  26.06.01
Olav Hatlemark (olav.hatlemark@firdaposten.no)

Sjå bileta få Konvoien og Rotstock

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken