Florø - Rognaldsvåg - Askrova 
Fredag 24. til Sundag 26. juni 2005
(Veik - Vis - Vilter)

Veikingkonvoi for niande gong
Tradisjonar må vi ta vare på, så sjølvsagt blir det Veikingkonvoi i år også, den niande i rekkja, seier Veikingkonvoigeneral Vidar Nupen
Firda, 22. april 2005,   Tekst: Knut Magnussen  

Konvoi-råd: Veikinggeneral Vidar Nupen (t.h.) har samla konvoi-rådet, Dag Magne Knapstad, Tore Skarstein, Rune Kvammen, Dag Bjerk på bryggekanten. Anna og  Maria Bjerk må førebels nøye seg med å sitje i barnevogna og lytte til dei vaksenes visdomsord.  Foto: Knut Magnussen

24. juni stemnar Veikingkonvoien ut Florøvika på nytt tokt. I år går turen til Rognaldsvåg og Askrova. Der blir det garantert trongt om kaiplassane når den fargerike veikingflokken gjer strandhogg.

Litt ekstra høgtid blir det sidan Visekongen av Fusa kjem, så i år er ikkje gavbåten berre flaggskip, men Kongeskip, og det blir nok meir pomp og prakt enn vanleg, seier Nupen.

Som vanleg har han med seg sine to trufaste generalsekretærar, Dag Bjerk og og Dag Magne Knapstad i konvoileiinga, og som vanleg overlet dei alt praktisk arbeid til andre:

Det er best slik, forklarer Nupen. I Rognaldsvågen blir det Tradisjonell veikingløyer, med bryggedans og grilling fredagskvelden, før konvoien set kurs mot Askrova neste dag.  Der blir det lagt opp til fammiliedag med ymse underhaldning, mellom anna av Bjørn Jensen frå Salhusvinskvetten, og meisterkokk Tore Skarstein skal syte for god mat til alle.

Firda 22. april 2005  Knut Magnussen
 

 

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken