Konvoi nr. 4 
Florø - Rognaldsvåg - Fanøya
23. til 25. juni 2000.
Veik, Vill og Vaken 
Årets Veikingkonvoi la frå kai Fredag 23. juni 17:30. med Nupegavlen i spissen med vel 60 tals båtar siglande etter ut frå Florøvika.  Fleire hengde seg på etter kvert, og det blei et langt fantefølgje med mange forskjellige farkostar utover skorpefjorden i det nydelige været. Redningskøyta Platau var med for å trygge overfarten. Sjå kart over ruta.
Veikingkonvoien: Tekst og Foto:  Dag Magne Knapstad

Veiking fylje inn moloen i Rognaldsvåg  Foto: Anita Øygard

Fin velkomst på Rognaldsvågen.
Vel framme på Rognaldsvågen ble me møtt av ein stor velkomstkomité, der grendelaget hadde kokt rømmegraut og stod for andre forfriskingar. På kaia var det dragspelmusikk.

Båtane fylte all ledig kaiplass i heile vågen, og låg side om side rundt heil bukta.  Ikkje sidan sildetida har det vert så mykje båtar samla i vågen. Båtane dreiv god kjeldesortering sortering sjølve, der seglbåtar skøyter, Trebåtar og "tupervare" klumpa seg saman etter storleik og type.


Folk holt seg i båtane lenge

Tradisjonen tru, blei folk sitjande lenge i båtane og skrøne og kose seg.  Det var grilling og song, og Generalen gjekk rund med ei bøtte og samla inn deltakar avgifta på kr 4,20 hjå dei ulike båtane. Nokre T-skorter ble seld. Mange kom seg aldri ut tå båtane sine og ensa knapt at jonsokbålet blei tend ut på kvelden. 

Dansen på skulehuset varde til sola vel var snudd.  Vel nede i båtane samla folk seg.  Nokre tok kveld, mens andre forsette med gitarspel og song utover natta.

Laurdag
Grytidlig ut på morgonkvisten byrja det å blåse frå Nord/vest, og vinden kom rett inn på vågen og lagde ugreie i dei heller tvilsame "parkeringar" Dette førde til at mange båtar måtte ufrivillig forhale, og gjekk over til Fanøya eller heim, lenge før reveljen kl. 07:55. 

Grendelaget hadde laga frukosttelt ved butikken, og mang ein trøtt sjel fikk ny kraft i kroppen, før dei gav seg i veg på den farefulle sjøreisa til neste stopp.  Det blåste no kraftig opp til stiv kuling i få nord/vest, så dei små opne båtane fekk vaska seg godt.  Dei fleste valte den alternative "veikingruta" rundt skorpa framfør å gå Båsundet. Vinden kom i kraftige kast ned etter fjellet på Skorpa, ein seglbåt fekk øydelagd segla, andre fekk vatten i diselen, med etterfyljande motorstopp, og måtte slepast, men dei fleste kom velberga til Fanøya. Dog ikkje i samla majestetisk flokk som dagen før, men gjevnt og trutt utover ettermiddagen.  Dessverre blei konvoien litt meir spreidd i år, då båtane vart liggande både i Nordre og Søre Fanøy-vågen, samt Kvernhusvågen.

Sola skein heil dagen, men den kraftige vinden som auka utover ettermiddagen gjorde at folk samla  seg i  lune viker og las Jakob Sande og spelte gitar , mens andre vart sittande i båtane. 


Grendalaget heldt tombola.

Grendelaget og robåtlaget selde grilla laks og haldt tombola ved Fanøybua.  Mange sakna nok dei tradisjonelle Sjærgårdsløyene, som me håpar ikkje vil forsvinne. Ut på kvelden spelte Mirek og Astri opp til dans på flaken på Fanøybua, noko som skapte stor stemning. Det var ein sliten forsamling som som som relativt fort fant vegen tilbake til båtane etter dansen.  To dagar på konvoi hadde nok tatt det meste av kreftene.

Sundag og heimreise.
Det roa seg utover natta, men på sundagen auka vinden att når båtane, ein etter ein begynt å sigla heim att.  Nokre venta utover dagen i håp om at vinden frå nord/vest skulle lette, men dei alle kom trulig vel heim att?.

Takker
Veikingkonvoien takker alle Veikingar , samt alle grendalga, organisasjonar, Fanøybua og alle involverte på dei båe øyene den enorme innsatsen som blei lagt ned i vårt besøk, som gjord at me fekk ei umåteleg triveleg helg.  Håper me stelte oss på ein slik måte at vi er velkomen i Veiking eit anna år.

Helsing: 
Dag Magne Knapstad. 
Ass. Veikinggeeneral

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 


Velkommen til mi "Veiking verd" seier Vidar Nupen
Også i år har Veikingkonvoien klart å lure sponsorpengar ut tå nokre blåøygde føretak. Sidan dei er så lettlurd er mogeligheita for at også du kan gjere ein bra handel med dei so absolutt til stades. For å sjå kven dei er:  Trykk her.

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken