Florø - Rognaldsvåg - Askrova 
Fredag 24. til Sundag 26. juni 2005
(Veik - Vis - Vilter)

Gir ny båt til seglforeininga
Veikingkonvoien gav sist onsdag ein splitter ny Zoom 8 segljolle som gåve til Florø Seilforening. – Det er fantastisk kjekt at dei gjer slikt, seier Jonvall Svarstad som tok imot på vegner av foreininga. Av: Harald J. Stavang

OVERLEVERING: Veikingkonvoien ved Vidar Nupen (t.h.) og Dag Knapstad (t.v.) overleverer ein splitter ny Zoom 8 regattajolle til Florø Seilforening ved nestleiar Jonvall Svarstad som takkar for gåva. (Foto: Harald J. Stavang)
Det er forresten andre båten Veikingkonvoien gir. For eit par år sidan spanderte dei likeins ein optimistjolle på foreininga, og i pengar blir det godt over 40 000 kroner til saman.

Ny båttype
– I Florø Seilforening har vi bestemt oss for å satse på denne nye jolletypen, som ligg mellom optimisten som er opplærings- og konkurransebåt for dei yngste, og europajolla som er ein meir avansert regattabåt for dei eldre ungdomane, seier Svarstad.

Det var i alle fall berre breie glis å sjå då ungdomane kom inn etter å ha prøvesegla.

Også Firdaposten sin utsende vart utfordra til å prøvesegle, og fann hugnad i den fjørlette båten. I alle fall i lett til laber bris.

Tanken er at den nye jolletypen vil hindre fråfall i den vanskelege aldersgruppa rundt 13–14 år, då mange veks frå optimisten. På grunn av barneidrettsreglane i Norge, så startar vi for seint til å bli gode internasjonalt i optimist. Dei unge blir rett og slett for unge for båten, misser lysta og blir bokstaveleg tala akterutsegla.

Låg administrasjon
– Korleis har Veikingkonvoien råd til å spandere slike gåver?
Vidare Nupen og Dag Knapstad ser på kvarandre:
– Dette er overskot frå fleire konvoiar som vi har samla opp i eit sylteglas, og no er det fullt igjen, seier dei med noko lurt i augekroken.

– Med berre seks kroner i startkontingent?

Nupen kremtar:

– Vi har svært låge administrasjonskostnader. Dessutan har vi ikkje rota oss vekk med prosjekt i Chile eller andre stader. Vi har heller ikkje teke ut den årsmøtevedtekne buamiddagen for leiinga, smiler han og legg til med meir alvor:

– Vi ser rett og slett at det seglforeininga driv med, er svært verdfullt arbeid for barn og unge, og nesten utan kostnader for det offentlege. Vi synest slikt fortener påskjøning, og når vi kan greie det for ein startkontingent på seks kroner, så bør nok næringslivet elles i byen også sjå om dei ikkje har høve til å gje eit ausekar eller eitkvart anna tenleg til foreininga si drift, legg han til med ein lur smil.

I SEGLET: For nokre år sidan gav veikingkonvoien også ein optimistjolle til seglforeininga, her med Nupen sin kontrafei innteikna i seglet.  (Anja Eide Onstad (11)) Foto 2003: Linda Regina Bruvik

Firdaposten. 7. mai 2005,  Harald Stavang

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken