Veik som fan
SAK: Vi visste det, men greitt å få det stadfesta: Det er ikkje storleiken som tel, det er seigleiken.    Årets Veikingkonvoi vart ein ny suksess 
Leiar: Firdaposten  0?.07.03  Jan Atle Stang

Veik som fan
Det vart gjort klart med ein gong: Veikingkonvoien skulle vere "veik som fan"; eit "veikt" alternativ til den "barske" Vikingkonvoien. No er det sju år sidan, og dei "veike" held det gåande ennå: Dei kryssar det eine sundet etter det andre, og dansar og syng i kvar ei hamn i det næraste nærområdet. Det "barske" alternativet derimot, fekk aldri start att på maskineriet etter at turen for sju år sidan var gjort unna. Eit paradoks? Tja!

No har det alltid vore slik at det nøysame, det enkle og det nære har representert større livskvalitet enn det storslåtte og det som på Oslomål kan kallast det "vidløftige". Slik også til sjøs. Det har vore mange, helst menn, sin draum å kunne krysse dei store havområda – kunne stå framme i skuten og speide etter dei første fuglane, det første kjenneteiknet på at det snart er land i sikte. Dei fleste av oss har ennå ikkje kome lenger enn til å lese om slike tilstandar, for det må vere ein tilstand dette med å stå i solrenningsglansen og vente på å sjå land langt der framme i horisonten. Vikingane gjorde det, og mange har gjort det sidan. Både Jakob Sande og Evert Taube har skrive mykje om denne tilstanden. Og så er det stas å komme heim att, då. Komme inn på hamna til flagg og fanfarar, stige på land og fortelle om alt ein har opplevd. Drøse med folk om små og store problem under vegs, lyge litt om ho som sto att på kaia "der borte" og gret når "sjømannen" reiste. Ja, vi snakkar om skikkeleg barskt sjøliv både på hav og i hamn – vi snakkar om skikkelege vikingtokt, om ikkje akkurat til ukjende statar der det veks kanel. Då er det noko anna med desse "veikingane" som ligg og rek inne i fjordar og viker og held leik og spetakkel til langt ut på morgonkvisten slik at øyfolket ikkje får nattero. Slikt kan i verste fall gå ut over slåttearbeidet kringom på gardane, for alle veit vel at ein slåttekar lyt vere oppe før dogga går or graset om han skal få god drift på langorven og få brøytt høyet i skapleg tid. Vi kjenner alle til historia om då Jubelhornet rende kringom og misjonerte slik at folk ikkje fekk avlinga i hus. Det vart armod i Fossedalen etter Jubelhornet si vitjing, og vi kan berre be Vårherre om at det same ikkje må skje ute på Fanøya etter at veikinggeneral Nupen vitja øya med den livlege armadaen sin i helga.

Men same kva som skjer i kjølvatnet av "Nupegavlen" har vi registrert at årets konvoi vart nok ein suksess for dei som ennå ser på det å vere "veike" som ein styrke, og nøkkelen til kvalitet, samhald, glede og eit langt konvoiliv. Vi har også registrert at dei aller fleste som bur i områda der veikingane gjer strandhogg gler seg stort over besøket, livet og stemninga, og håpar på nye besøk. Det er altså skapt ein ny og kulturberande kystaktivitet som ikkje ber om livets rett fordi den håvar inn mange pengar, men fordi den engasjerer, gler og sosialiserer folk på sjø og land. Ikkje akkurat trist som fan!

Ansvarlig redaktør
Jan Atle Stang

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken