Florø - Stavang - Svanøy 
Fredag 25. til 27. juni 2004
(Veik - Ven - Varm)

Presseoversikt 2004

Vi må vel berre halde fram…?

FLORØ: for åttande gong stemna dei modige veikingane ut frå Florøvika, på veg mot… eh, eit eller anna. Denne gongen vingla dei sørover. – Snart er det 10-årsjubileum, så vi må vel bare fortsette, undrar veikingehøvding Vidar Nupen.

Av Kjartan Hjermann Døhlie , Firdaposten 30.06.2004

SOLSKINN: Mellom 120 og 150 veikingebåtar låg i Svanøybukt laurdag. Veikingane kunne kose seg i solskinnet. (Foto: Kjartan Hjermann Døhlie)

30-40 båtar forlét florø-vika fredag i dårleg ver. Anders Haave og Leidulf Grytten bydde betasuppe og blåskjel så veikingane i dei 80 båtane ved kaia i Stavang kunne få noko å varme seg på. Kai-dansen er alltid ein suksess, og det var nok mange som vart glade då dei vakna opp til sol søndag. Både dei i båtar og dei som hadde teke turen landvegen.
– Søndagen på Svanøy var heilt fantastisk. Programmet var utruleg bra, og det var midt i blinken å ha veikingkonvoien same helga som røykelaksfestival og galleriopninga. Det gjorde at folk fekk seg ein heil dag på Svanøy. Det gjorde heller ingen ting at vi måtte skifte til kortbukser, seier ein nøgd veikinggeneral Vidar Nupen.
Dei 80 båtane i Stavang hadde med det gode veret blitt til ein plass mellom 120 og 150 båtar i Svanøy.
– Har de byrja å førebu neste års arrangement?
– Vi har nokre tankar. Både til neste år og året etter på. Då er det jo tiårsjubileum. Så lenge folk syntest det er artig og kjem, og bygdesamfunna er med må vi jo berre fortsette.
Firdaposten:  Av: Kjartan Hjermann Døhlie
tlf: 414 03 598,  E-mail:  kjartann82@hotmail.com
 

SER VIDARE: Veikinggeneral Vidar Nupen ser framover mot arrangementet om to år. Då er det ti års jubileum.  Foto: Dag Magnr Knapstad

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken