Florø - Stavang - Svanøy 
Fredag 25. til 27. juni 2004
(Veik - Ven - Varm)

Florø Førde i kokkekamp på Svanøy

SVANØY: Verdsmeister i kokkekunst, Terje Ness frå Førde, skal stille opp i kokkekamp mot Tore Skarstein frå Florø på den internasjonale røykelaksfestivalen på Svanøy laurdag.

Firdaposten av  Harald J. Stavang

Tore Skarstein og Per Vidar Ottesen er på lag mot Terje Ness og
Foto: Dag Magne Knapstad

Terje Ness hadde i utgangspunktet sagt seg villig til å kome for å vere domar i oppskriftskonkurransen saman med Line Træen.

Det er forresten kome inn godt over 20 oppskrifter med stor spennvidd, både frå inn- og utland. Oppskriftene kjem både frå privatpersonar og frå profesjonelle kokkar, så dette blir verkeleg ein internasjonal festival, fortel Træen.

No har Ness også sagt seg villig til å stille opp i kokkekamp etter liknande opplegg som vi har sett i TV med same namn. Dette kom diverre ikkje fram til førehandsmeldinga vi hadde i torsdagsavisa.

I kokkekampen får Ness og Skarstein med seg kvar sin hjelpar som skal legge til rette på ulike vis, og vil kunne forsyne seg frå eit rikhaldig råstoffbord med diverse grønsaker, røykelaks, fersk fisk og skaldyr.

Av: Harald J. Stavang

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken