Florø - Rognaldsvåg - Askrova 
Fredag 24. til Sundag 26. juni 2005
(Veik - Vis - Vilter)

Veikingsongen 2005

Den nylaga "Veikingsongen" skriven av Eivind Ask og sin gjeng med trufaste vikingar frå m/b "Hela" og m/b "Mariel", blei ein slager utover kvelden. Her synger Alv Inge, Kari, Deon og Ole. Akkompanjert av generalen sjølv Vidar Nupen 
Veiking songen
Melodi: The last farewell, R. Whittaker
1: Vi rustar opp og reiser ut i "Veiking",
for det er blitt ein årviss tradisjon.
Velkommen kvar ein landkrabbe og bleiking,
de passar i vår organisasjon.
Og ingen er for stor og ei for liten,
ved motorstopp så sørger vi for slep.
   
Ref.: For vi er Veikinger,
i ruskevêr og vatten,
så helsar vi til hatten.
Her kjem vi!!!
   
2: Ein Fredagskveld i juni er det avgang,
vi bygger opp litt mot og høg moral.
Bekymringar blir borte med litt allsang,
vi driti' om vêrmeldinga er skral.
For modige vi vert når vi er saman.
"Jaggu skal vi tole det vi får!"
   
Ref. For vi er Veikinger,  ..........
   
3: PÅ kaia står det mykje folk og vinkar,
vi svarar dei med horn og tåkelur.
Langt der ute ser vi Stabben blinkar,
forlokkande til oss som skal på tur.
Vi føler vi skal ut på ville havet,
men turen den går alltid innaskjærs.
 
   
4:
 
Og ruta vert forandra gjennom åra,
vi kikkar litt på karta slik vi bør.
Og Rognaldsvågen, Stavang og Askrova,
er plassar som vi trur vi har sett før.
Og Skorpefjorden, Ausa og Ålvora,
er kjende stader der vi dreg forbi.
   
Ref. For vi er Veikinger,  ..........
   
5: Historia blei fødd med siste supen,
av ein halvliter i sommarsol i lag,
med gode venner der satt Vidar Nupen,
med drømmen om at: "Kanskje vi ein dag
Kan lage noke for dei små og svake,
der målet er å kose seg i lag!
   
Ref:

Slik vart vi Veikingar
Vi takkar deg, du Nupen!!!
Når vi salig leskar strupen, her i dag!!!!

Helsing ein liten gjeng trufaste vikingar frå m/b "Hela" og m/b "Mariel".
 
Hvis nokon har bilete frå urframføringen av Vikingsongen håper eg at dei sender det til oss på post@veikingkonvoien.com

Vil og legge ut ei lydfil med urframføringa

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken