Sommarchat med: Vidar Nupen
Firdaposten  29.03.03

Namn: Vidar Nupen
Alder: 34
Sivilstand: Attraktiv ungkar
Bustad: Brandsøy
Yrke: Rektor

Aktuell: Vidar Nupen førte i går den sjuande Veikingkonvoien frå Florø vestover til Rognaldsvåg og Fanøy.

Tre ord om deg sjølv?
– Veik, vakker og villig

Kva bok vil du anbefale andre?
– "Victoria" av Knut Hamsun vil eg anbefale. Elles les eg mest faglitteratur.

Den beste sommarlåten?
– Det er ein song av Cornelis Vreeswijk, eg hugsar ikkje tittelen, men den startar med "Nogon har seglat en båt inn i viken". Det er ein strålande fin sommarlåt.

Draumemåltidet?
– Eg et middag fire gonger i året, så kvar middag eg et er luksus for meg.

Kva inneheld ein perfekt dag for deg?
– Tja…det er om bord i båt, fin seglevind og ei matrosinne som kokar kaffi til skipperen på primus. Det er får vere nok. Resten kan folk tenke seg sjølv.

Kva ser du helst, helst ikkje, på TV?
– Eg har ikkje TV, og eg saknar det ikkje. Fjernsynsmediet opplever eg som avlegs og umoderne. Eg står for den meir moderne linja.

Du finn 1000 kroner på gata, kva gjer du?
– Det spørst når og kor eg finn dei. Om eg finn tusenlappen utanfor huset mitt, vil eg kontakte dei kring meg. Om eg finn tusen kroner i i Sinsenkrysset, går pengane rake vegen i lomma. Vi sender nok pengar til Austlandet, så om eg tek 1000 kroner attende til der verdiskapinga skjer, skulle berre vere rett og rimeleg.

Kva er ditt forhold til måsar?
– Eg har faktisk eit personleg forhold til ein måse, den gjekk til åtak på handleposen min og spreidde innhaldet ut for alle vindar. Då lurte eg på om eg skulle pynte på ryktet mitt, hente hagla og skyte litt vilt omkring.

Kva brukar du på trebåten din?
– Det var eit vrient spørsmål, men eg må seie linolje og tjære.

Kor går draumereisa?
– Eg hadde ei reise her som var det vi kan kalle draumeaktig. Den gjekk til Porto i Portugal. Der går reisa gjerne på nytt.

Meiner du innvandring og kriminalitet heng saman?
– Ut frå min kjennskap til innvandrarar klarer eg ikkje på noko slags vis å sjå på innvandrarar som ei eiga gruppe. Eg finn såleis spørsmålet irrelevant.

Du skal gi bort ein million, kven får dei?
– Dei hadde gått til Redningsselskapet. Det er ei foreining eg har støtta i årevis. Dei jobbar for kysten og kystnæringa, noko som er viktig her vest.

Du skal velje eit nytt yrke, kva for eitt?
– Eg har delvis sett på mulegheitene for å starte møbelfabrikk. Eg er jo tett på 35 år og har enno ikkje starta møbelfabrikk. Det er jo ei skam! Folk kan jo snart ta til å snakke, som ho seier, søstera mi.

Om du skal skryte av kommunen din, kva legg du vekt på?

– Då ville eg lagt vekt på skjergarden og naturen. Mulegheitene for friluftsliv båt, fiske og segling.

Kven ville du helst hatt som statsminister?
– Eg trur vi kunne ha prøvd ei stund utan, og sett om ikkje det kunne gå.

Kven ville du helst hatt som ordførar?
– Per Vidar Ottesen. Han er jo komen inn i Venstre, meiner eg bestemt.

Var det riktig av USA å gå til krig mot Irak?
– Dette føyer seg inn blant kjende handlingar frå førarlandet i dumskapens akse.

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken