Maksvær for veikingane
FLORØ: Sjøen låg blank som ein potensiell sjøsjukepasient berre kunne drøyme om, då Veikingkonvoien, med sjefsveiking Vidar Nupen ombord i flaggavlen sin i tet, fredag forlet Florø med kurs for Rognaldsvåg.
Firda  24.06.00  Av: Knut Magnussen
Klar til Avgang: Veikinggeneral Vidar Nupen (ståande, med huve), gjer dei siste førebuingar før avreise.
Rundt femti båtar av ulike slag og storleik var med på konvoistarten frå Florø.  Etter kvart slutta fleire seg til og oppslutnaden såg ut til å bli som i fjor då 150 til 200 båtar vart med på dei maritime løyene.

  -- Alt er klappa og klart, og ingen ting er førebudd, sa konvoigeneralen (ikkje kall meg admiral, då kan nokon tru eg er sjøkunnig, fær han kasta loss frå favoritthamna si, huken ved sidan av restaurantflåten ved Hjørnevikbua, og sette kursen i vestover.

 -- Om bord har eg akt eg treng.  -- gitar, sigar og kvinnfolk - og reknar med at også dei andre konvoideltakarane har ordna seg, sa Nupen.  I går gjekk turen til Rognaldsvåg, i dag seglar konvoien vidare til Fanøy i Batalden, før dei returnerer til Florø søndag.

 -- Når høgmessa er slutt, set vi kursen heimover, så eg håpar mange nok har med seg transistorradio slik at alle får høyre, sa konvoigeneralen.

  Og maksver, solskin og blikkstille skulle sjølv ein veiking tole ein times seglas vestover. Med på føljet var også redningskøyta "Platou", sånn for sikkerheits skuld.

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken