1999
Dreg i veiking med motor som går?

Til helga vert det på ny Veikingkonvoi. Denne gongen til Stavang og Svanøya. Trekkplaster er faren til Claudia Scott som skal spele til dans, og motoren og det nye slepefestet til kon­voigeneral Vidar Nupen. 
Firdaposten. 24.juni 1999  Jon H. Sorland  

 BEVISET: Dette biletet beviser at motoren til Vidar Nupen i alle fall gjekk i går. (Alle foto:  

Vidar Nupen dreg i sveiva, mot­ren harkar litt før den putrar som om den aldri skulle ha gjort noko anna. Men dei som fylgde kon­voien i fjor, veit at det har den.

------ Men i år kjem du deg fram med eiga hjelp?    
— Ja, dette er provet på at motren går. Du får skrive og stadfeste det. Forgassaren er planslipt og tennpluggen børsta. Berre ein ting kan hindre meg i å starte i år: Fuc­king Amål! Magneten ser du, magneten er nemleg laga .i Åmål..., svarer han. Før han bøy­er seg fram over motorkassen og syner oss skiltet.

Og skulle vitale motordelar svikte Nupen i år, har han planen klar: Eit nytt slepefeste med tilhøyrande tau er montert framme.

Elles kan Vidar Nupen stadfes­te at alle andre båtbrikker er på plass. Ja, ja, ikkje påmeldingane då. Administrasjonen har halt så mykje anna å gjere, så dei kjem til a ta påmeldingar og krevje inn startkontingenten på fire kr på Florøvika og i Stavang.  

Til og med pengane frå Posten er komne inn. For eit år sidan gjekk konvoigeneralen Ut med at dei hadde fått eit stort problem sidan portoen hadde auka med ti øre. For å hjelpe på den vanskele­ge situasjonen, gjev Posten den nette sum av 43220 øre

Dette beløpet håper Posten skal gå med til sikring av konvoien sitt over­skot, som i år som dei to førre åra skat gå til frivillige organisasjonar i Flora.

Korleis vert opplegget i år? 
Fredag klokka seks vert det samling på Florøvika, avgang klokka sju, og frå klokka ni vert det velkomst og hyllingstale i Sta­vang. Etterpå årekapping, grill og dans. Laurdag vert det avgang frå Stavang klokka 12 og velkomst på Svanøya klokka 14, frå klokka 20 vert det dans. Av alle er det faren til Claudia Scott som skal under­halde. Og søndag vert det heim­reis klokka 11 med tilhøyrande høgmesse på radioen, svarer sunnmøringen. –

----- Kva er det viktigaste ein lyt ha med?  
Båtvit og folkeskikk, ”Dikt i samling” av Jakob Sande og litt pengar, svarer han. Promillegren­sa på 0,8 vil ikkje Nupen snakke om, men nemner under bordet at politiet pleier ta turen, og at det har vore framifrå folkeferd med på dei tidlegare turane.  

Jon H. Sørland)  

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

  43220 øre: Med å gje Vidar Nupen 43220 øre håper Posten og postsjef Øyvind Gjengseth at dei skal vere med å sikre Vei­kingkonvoien eit nytt overskot. (I fjor blei det eit himla rabalder då portoen steig med 10 øre)  
 
VIL KLEPPE: Dei som ikkje fer fram med høveleg båtvett og folkeskikk, skal kleppast med eller utan klepp.

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken