Konvoi Nr. 3 - 1999 
Rekordstor flokk fór i veiking

Flokken til sjefsveiking Vidar Nupen vaks seg rokorddrygg i helga.  Dei eldste blant Stavang-folket meiner at det ikkje har vore så mykje båtar i Stavang sidan kyrkja blei innvia i 1957.
Firdaposten 29.06.99:  Arve Solbakken 

KÅT OG VILL: Eg blir så kåt og vill nåe eg eg et spekesild

Etter defileringa på Florø hamn fredag etter­middag sette dei bleike og etter eige utsegn sjø­redde veikingane kursen mot Stavang og gjorde strandhogg med smittande glede og muntre sprell.  

450 på dans
Mellom 1000 og 1500 menneske var samla i sagbruksmetropolen, og tidleg fredagskvelden talde arrangørane heile 131 båtar. Pa dansen løyste 450 menneske billett, så det blei ein dun­drande suksess på alle vis for arrangørane.

— Folk treivst og hadde det kjekt. Heile vitsen er at folket skal slappe av og kople ut frå det daglege jaget. Veikingane er ein veldig spesiell og roleg gjeng. Dei få som laga litt ugreie berre sette vi oss på ei stund, så gjekk det over, fortel ein strålande nøgd Anders Haave frå Stavang.

Allereie tidleg på laurdag sette båtkonvoien kursen mot Svanvøya. Vet framme blei ankeret sleppt og det vart tid tii å ta seg turar innover historisk grunn, bade og nyte familielivet. Utover ettermiddagen tjukna det til med båtar, og når dansen starta var det om kring 100 båtar på Svanøybukta.   

Kåt og vil 
Veikingflokken skrumpa ein del frå dagen før, og talet på betalande danseløver vart om lag 250.

— Eg blir så kåååååt og vill, når eg et speeekje-siiild.

Gitarstrengane spratt, allsongen og latteren sveva som ei lyserosa sommarsky over tuppervarearmadaen. Midt inne i klynga av plastbåtar sat veikingen sjølv, Vidar Nupen, strålande nøgd i gavlen sin. Med ny lenestol, motor som gikk og båten full av kvinnfolk sola han seg i glansen av den mest vellukka konvoien nokos­inne.

— Kan du seie noko viktig til flokken på ein kveld som denne?

— Nei, ta ikkje meg, snakk helter med nokon andre. Skal eg seie noko lite så må det vere at heile kunsten er a gjere det enkelt, smilte Nupen, før han gjekk attende til administre­ringa. Veikingkonvoien har fatt ein fast tilheng­jarskare og vi trefte båtfolk som hadde reist heilt frå Stord berre for å vere med på enkelt båtliv og sikre strandhogg. Mange likte seg så godt i båtane at dei ikkje kom seg derifrå før dansinga var over. I alte høve blei årets Veikingkonvoi ein strålande reklame for nye spreli bak gavlen til Nupen.

Tekst og foto:
Arve Solbakken  (Firdaposten)
E-post: arve.solbakken@firdaposten.no

AVREISE: Roleg og fatta var flokken då dei defilerte i starten på Florø Hamn fredag kveld. 
SOLA NED: Ein vakker sommarkveld på Svanøy
 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 


ENKELT: Heile kunsten med eit arrangement som dette er å gjære det  enkelt, meiner sjefsveiking Vida Nupen

Pappaen: til Claudia Scott, Clive Scott, hadde hyggelege spelejobbar.  Her syng han utover Svanøybukta.
 

LIV I POSTEN: Puben i det gamle postkontoret på Svanøy serverte skummande drikke så svetten sila.

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken