Konvoi nr. 6    (Veik - Vennleg - Viril)
Florø - Askrova - Svanøy 
Fredag 28. til 30. juni 2002
           INNBYDING

 

             Vyrde Veiking!  
Vert du med i
år ôg?   Dette som fyrst var meint som eit lite ”stunt”, er no visseleg blitt tradisjon. 
Straks ein konvoi er ferdig, kjem det
ynskje og krav om ny konvoi. Og ny konvoi vert det!  

For 6. år på rad legg vi ut på veikingkonvoi, ein konvoi som for mange har vorte ein obligatorisk og årviss møtestad. I år legg vi turen til Askrova og Svanøy, den eine perla finare enn den andre. Til like med tidlegare år er det grendelaga og lokale næringsdrivande som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er fornøgde med rosande omtale og såpass med pengar at vi ikkje går i minus. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap.

Ver difor gild og stø opp om veiking-ideala:

·         Stø grendelaga i arbeidet deira!     (kjøp mat og drykk, betal på dansen!)

·         Stø opp om konvoi-leiinga!     (t-skjorte og kalott kjøp, skryt, smisk og rosande ord!)

·         Veikingar yppar ikkje til bråk!    (Betre å sovne fram i ronga!)

·        Veikingar viser båtvit!         (flytevest, < 0,08%, dregg, fendrar og nye dieselfilter!)

Til slutt vil vi minne om at det no er moms på tenester. Vi seier oss difor leie for at påmeldingsavgifta i år er sett til kr. 5,50 (= brevporto). Båtar over 30 for betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!

Veeel møøøtt i Veiking !! 

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken