25. - 27. juni 1999 
Florø - Stavang - Svanøy

Invitasjon

Kjære veiking!
Atter ein gong gjer vi oss klar til å fare i veiking.                              
Gløymt er alle tunge tankar: om nordavind og hunderegn, skvalpesjø og skoddehav.
Min kjære Marna har fått blank og fin olje. Forgassaren er planslipt, tenpluggane er børsta, kun ein ting kan hindre at han vil starte i år: Fucking Åmål!
Magneten, ser du magneten er nemleg laga i Åmål..........


Berre "fucking Åmål" kan stoppe oss

Ellers har eg budd meg på beste vis.  Nytt slepefeste er montert (framme, sjølvsagt!), fendar og dregg er på plass. redningsvestar er her til alle ombord, og kokekyndig styrmann er klar til å mønstre på.  (hugs 0,8 i år.)
Gjer klar di skute, kor lita ho enn er.  Hugs å ta få med deg:
    * Personlege helse/hygigeneartiklar (tannkost, globid mm.)
    * Jakob Sande "dikt i samling" (evt. E. Taube)
    * Dragspel ock bas
    * Båtvit og folkeskikk, turrfisk og røykjesild
    * Litt pengar (dans, mat, drykk mm.)
    * Veiking t-skjorte (til salgs mange stader)
Påmelding (kr. 4,-) skjer på Hjørnevikbua, Fru Olsen eller direkte til Konvoigeneralforsamlinga.
 
Vel møtt!

Sponsorar:

Anders Haave 
Fører rått og råte.

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

 

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken