Florø - Rognaldsvåg - Fanøy 
Fredag 27. til 29. juni 2003
(Veik - Vågal - Vanedannande)

INNBYDING  

             Vyrde Veiking!  

 Så er vi i gang igjen!
Kven hadde trudd vi skulle bli 7 år gamle??!.
Straks ein konvoi er ferdig, kjem det ynskje og krav om ny konvoi. Og ny konvoi vert det!

For 7. år på rad legg vi ut på veikingkonvoi, ein konvoi som for mange har vorte ein obligatorisk og årviss møtestad. I år legg vi turen til Rognaldsvågen og Fanøya, kanskje noko av dei gildaste perlene på kysten!   Sjå kartet

Til like med tidlegare år er det grendelaga og lokale næringsdrivande som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er fornøgde med rosande omtale og såpass med pengar at vi ikkje går i minus. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap.
Ver difor gild og stø opp om veiking-ideala:

  • Stø grendelaga i arbeidet deira!
    (kjøp mat og drykk, betal på dansen!)

  • Stø opp om konvoi-leiinga!
    (t-skjortekjøp, skryt, smisk og rosande ord!)

  • Veikingar yppar ikkje til bråk!
    (betre å sovne fram i ronga!)

  • Veikingar viser båtvit!
    (flytevest, < 0,08%,   dregg, fendrar og nye dieselfilter!)

Til slutt vil vi minne om at påmeldingsavgifta er uendra frå i fjor, men det er dyrt nok: kr. 5,50 (=brevporto). Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!

Veeel møøøtt!!


Hugs
å kjøpe
Veiking T-skjorte
og Veiking-kalott!

Nupen speider mot neste mål som er
Fredag: Reksta og Rognaldsvåg

 
Lørdag: Batalden og
Fanøya

På begge øyene er det nærbutikker, så vi oppfordrer konvoifolket å bruke dei til proviantering. På denne måten er dykk med på å holde liv  i lokalsamfunnet, og dermed med å nvestere i konvoiens framtid..

Veeel møøøtt i Veiking i 2003 !!  Se heile ruta

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken