Florø - Rota - Fanøy
Fredag 23. til Sundag 25. juni 2006
(Veik - Vital - Vidsynt)

Skuffa over manglande Rotstock-informasjon

FLORØ:Rota-grunneigar Irene Hamre undrar seg over kvifor arrangørane av jonsokarrangementet på Rota ikkje tek seg bryet med å varsle tilgrensande grunneigarar, når dei inviterer «halve» byen på rockefest på øya.

Firdaposten, 8. juni 2006, av Svend Arve Vee

SKEPTISK TIL FEST: Irene Hamre (lite bilde) likar dårleg at Rota skal brukast som fest- og festivalområde, og ho likar endå dårlegare at grunneigarar som eig tilgrensande område til festivalområdet, ikkje blir varsla i det heile.

Irene Hamre er dotter av Audun Hamre og busett i Bergen. Ho blei både overraska og bekymra då ho 1. juni kunne lese i Firdaposten at Rota igjen blir arena for eit stort arrangement med svært mykje folk.
– Vi har ikkje høyrt eit einaste ord. Rett nok skjer det ikkje på våre eigedomar, men vi er fleire grunneigarar som ligg tett opptil området der festivalen skal gjennomførast. Dei siste åra har både hus og eigedomar på Rota blitt utsette for omfattande hærverk. Vi har fått knust ruter og inventar, og det er fortvilande. Ikkje minst fordi vi som eigarar sit langt frå Florø og ikkje har høvet til å følgje med og inspisere eigedomane våre med tette mellomrom, seier Hamre til Firdaposten

Trygt nok?
Ho strekar under at hovudgrunnen til at ho står fram, ikkje berre handlar om frykt for eigne verdiar.
– Her skal brukast eld, her blir hundrevis av ungdommar, og her blir nytt alkohol. Kven har ansvaret for tryggleiken og kontrollen til eikvar tid? Korleis kan vi vere trygge på at alt går bra, både med folk, natur og eigedomar på øya? Eg stiller store spørsmålsteikn ved dette, i alle fall slik arrangementskomiteen framstilte Rotstockfestivalen i Firdaposten.
At veikingane har ein sjargong og ein ironisk distanse til det dei føretek seg, får vere så si sak. Men ting treng ikkje framstillast som useriøst av den grunn. Det skapar berre utryggheit, seier Hamre.
Ho undrar seg også over den negative signaleffekten ho meiner det ligg i å kalle festivalen eit «Kjippen på sjøen».
Eg er oppvaksen i Florø og veit kva Kjippen representerer. Det er mykje fyll og lite rammer for kva som er rett og gale. Tek ein denne kulturen med seg ut på øya, og jamvel på sjøen, er det fort gjort at ein sit med ein tragedie i fanget, seier ho.

Vil kontakte politiet
– Ønskjer du aller helst at arrangementet blir avlyst eller flytta?
– Det var faktisk den første reaksjonen min då eg las om Rotstock.
Men eg ønskjer i det minste at arrangørane tek kontakt i forkant og legg på bordet planar som viser korleis tryggleiken er ivareteken, seier grunneigaren.
Hamre kjem også på eige initiativ til å ta kontakt med politi og brannvesen i Florø, for å få oversikt over kva dei har av beredskap kring arrangementet.
– Folk må gjerne besøkje Rota og sjå seg om. Men vi er sterkt imot at Rota blir ein fristad der ein kan ta seg til rette. Som utflytt florøværing, og med ein familie som voks opp på Rota, så føler vi at området blir forringa av slik bruk. Eg mister litt av stoltheita over å ætte frå Rota når eg opplever dette, seier Hamre. Ho er ein av sju partshavarar som rår over eit samla område på 125 mål på Rota.
svend.arne.vee@firdaposten.no
908 47 465

– Treng ikkje uroe seg

Vidar NupenVeikinggeneral og Rotstock-arrangør Vidar Nupen lovar at både løyve og tryggleik er ivareteke, når jonsokfeiringa på Rota går av stabelen.

– Vi har henta løyve frå grunneigaren, Sildefiskernes Eksportlag, og vi har også varsla og fått tilslutning til å lage festival frå den einaste direkte tilgrensande eigedomen, som er eigd av Redningsselskapets leiar, Lars Hellandsjø.
Han og familien vil også få ein invitasjon til festivalen, seier Nupen til Firdaposten.
Vidar Nupen (bildet) er også sikker på at tryggleiken er godt ivareteken.
– Bålet blir ute på ein eigen holme, som vanleg. Festivalområdet blir godt markert og gjerda inn, og inne på området blir det solid vakthald, beroligar han.
Det Nupen ikkje kan love, er at folk ikkje tek rekved i eigne hender og tenner små bål i fjøra.
– Men på ein jonsokaftan vil skje mange stader rundt Florølandet, uavhengig av om vi har fest Rota eller ikkje. Faktisk kan det vere ein fordel om vi samlar mest mogleg folk på ein stad. Då har betre kontroll med kva som skjer, seier Nupen.
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken