| 
                                                                     Spådomen kom til meg for eitt år sidan.Då                       hadde eg verken helse                       eller vet. No har eg spart opp                       ein god del og føler meg klar for oppgåva. For to                      netter sidan kom Vidar                       til meg i ein draum og sa at han ville lære meg opp til å                       bli veiking-general for                        dei neste ti åra. Eg skulle betale kr. 6,50 og konvoien                       var min.Så                       eg kjem no til å  rete opp                       gode grunnar til at Veikingkonvoien si generalforsamling                      skal ta imot tilbodet.                                               -                         
Eg er sømjedyktig og har tenner i                         rimeleg bra stand.                          -                         
Har eit tåligt jamt og godt humør.                          -                         
Gode leiareigenskapar av di eg gjette                         mykje kyr og saude i                         barndommen.                          -                         
Talent som stuntpoet og songar.                          -                         
Vaks opp i ei 23-fots Ise-snekke.(mange                         gode erfaringar, mykje                         naglebet og mannjete)                          -                         
Det er på høg                         tid at det veike kjønn tek over roret i                        Veikingkonvoien.Då eg var sju hadde                        eg ambisjonar om å bli den første kvinnelege                         paven. No ønskjer eg altså 30                         år seinare å bli den første                         kvinnelege Veiking- general.                                               Som leiar vil eg ikkje ta konvoien til nye                       høgder. Eg vil tvert imot                       halde den 0-3 m. o. h.  i                       ekte veik and.                        Beste helsing  XXXXXX.  |