| 
                 Fleire
                kom til, og i Stavang var mellom 40 og 50 samla silregnet fredag
                kveld.    —
                Vi hadde vore nøgde om det berre hadde kome fem båtar den
                kvelden, seier ein av veikingadmiralane, Dag Bjerk, i ein prat
                med Firdaposten.  Han
                hadde overnatta i telt i Stavang natt til laurdag, og heia som
                besett på tapande Svanøy i finalen mot Askrova under øyacupen
                laurdag ettermiddag, og røysta bar preg av det.
                
  
                Helsa på «Gadden»
                
                  
                    
                      
                       
                        KORT OG LANGT: Den kortvegsfarende
                        Nupegavlen var helsar på langvegsfarande
                        "Gadden" som er på veg til Vestindia. 
                        Nupen var heime att sundag, omlag i dei tider Sølve
                        Bruflåt la "Gadden" til kai i Leirwik.  | 
                     
                   
                 
                På
                vegen innover gjekk dei i konvoi frå Florøvika, og stogga på
                ved Geitholmen for å helse vel av garde Vestindia-fararen 
                ”Gadden” til
                Randi og Sølve Bruflot.
                  Dei
                kursa vestover mot Shetland, fem menneske ombord, medan
                veikingane søkte det lunare og tryggare innover i fjorden.Det
                store fleirtalet av båtane var ”tuppervare” med
                varmeapparat. For så vidt som ein kunne vente av ein veikingkonvoi.
                Berre fem trebåtar vart talde opp, og ingen opne ro eller seglbåtar.
                Den einaste heilopne båten var       Nupe gavlen.
                Den
                gjekk i periodar for eigen maskin, men var elles stø og trygg
                under slep.
                 
                 
                
                 
                          Mykje Båt: Det var uventa
                        stor deltaking på Veikingkonvoien i det triste været.
                        Her er ein del av flåten samla ved kai i Stavang på
                        fredag kveld.  
                
                 
               | 
              
                 Uventa mykje folk    —
                Vi kunne ikkje fått verre ver, trur eg, og vi var bra skeptiske
                til om der kom folk. Men det var over all forventning. Mykje båt,
                og i tillegg kom der ein god del landevegen, fortel Bjerk, og
                legg til at i Stavang hadde Anders Haave opna Haavebua. Der var
                bord og benkar og bar og stor stemning, fortel han.
                
                
                 
                På
                kaien var det dans i regntjukke, og det var ein artig trafikk
                med folk opp og ned av båtane, ut på kaien til ein svingom,
                og så inn i bua og varme og tørke seg opp aldri så lite.
                 
                 
                
                  
                    
                       
                          DANS: Spelemennene dreiv
                        trøstig på men det var til tidar meir enn slise på
                        dansegolvet, i kontrast til dei stimane i fjor:  | 
                     
                   
                 
                Til Askrova  Neste
                morgon gjekk konvoien vidare til Askrova, 
                tildels i skodde og dårleg
                sikt, og dei som følte seg usikre, la seg som andungar etter båtar
                med radar.
                
                 
                Dei
                aller fleste la seg bak Espeset moloen, og då var Øyacupen
                godt i gang med ukontrollerte sklitaklingar på det sleipe
                underlaget.
                
                 
                Ro
                konkurransen vart stoppa utan større fakter, og ein heil gjeng
                søkte grendehuset med varierte rettar i fleire timar før
                dansen byrja.
                
                 
                Ute
                arealet var delvis bygt over, og dekka med presenningar. Berre
                ein passa på å lense presenningane, så var der bra leveleg,
                får vi opplyst. Mesteparten sat likevel i båtane og køyrde
                hardt på varmeapparata.
                
                 
                På
                dansen var det bra med folk, får vi opplyst, og av veikingane
                vart dei fleste att til sundag. Utpå føremiddag tok dei til å
                blåse blå dieselrøyk i hamna, og stakk så ein etter ein ut i
                den grå ulla som letta sakte utover dagen. 
               |