Livskraftig "konvoi-jippo" i sitt 6. år

Veikingkonvoien, som starta som ein "jippo" og ultralokalt alternativ til den store Vikingkonvoien til Island i 1997, lever i beste velgåande i sitt 6. år. I år stod konvoioverfart til Askrova og Svanøy på turdraftet. 
Firdaposten  03.07.02 Av: Arve Solbakken

 
Konvoi-ikon og gründer, Vidar Nupen, smilte frå tå til isse og summa som ei bie frå blomst til blomst for å sjå til at folket hadde det godt, der han samla inn konvoiavgifta i ein kaffekjel.

Om lag 50 båtar drog ut frå Florø fredag kveld i småsurt og grått ver. Sjølv om det såg mørkt ut i starten, så blei deltakarane løna i rikt monn med havblikk og rødrosa solnedgangar i den andre enden av helga.
       Turen gjekk først til Valvika til dans på grendehuset til musikk av "Havet", (Nybø Band) med søskena Janne, Per Vidar og Terje Nybø frå Værlandet. Etter det som mange meinte var tidenes dans på Askrova med perfekt dansemusikk, vakna konvoideltakarane opp til strålande sol og blankt hav.  
      Overfarten til Svanøy vart difor ein sjarmøretappe i dorgefart med gitarspel, song og nakne tær duppande i sjøskorpa. 
Mens det lokal teljekorpset talde 68 framande båtar på Askrova, vart det nesten dobling til 130 båtar på Svanøy etter som veret skein opp.   Triveleg om bord, at berre halvparten hadde ork til å gå på land til kaidans. Trioen til bergenske Clive Scott, med trekkspel og hestetrampmusikk, hadde ikkje den same appellen til dei veike som Nybø-bandet kvelden før. 
- Vi hadde 300 betalande gjester på dansen og salet av grillmat gjekk unna i rekordfart, fortel krovert Ole Svanøe, som var ekstra nøgd med at arrangementet gjekk knirkefritt utan øydeleggjande vald og uhygge.
      Konvoi-ikon og gründer, Vidar Nupen, smilte frå tå til isse og summa som ei bie frå blomst til blomst for å sjå til at folket hadde det godt. 
----  Vi har vel ikkje noko val. Det må nok bli Veikingkonvoi neste år også, for dette går neste av seg sjølv, smilte Nupen. Den endelege avgjerda skal takast når jula stundar til. Medarrangør Dag Magne Knapstad ser eit klart forbetringspotensial i å få litt meir stil over starten neste år. I år vart leiargavlen forbigått kort tid etter at startskotet gjekk. 
- Ikkje det at det betyr alt verden, men det ville vere litt meir stil over det om vi heldt rekkjene på den første strekninga, seier Knapstad, som allereie har lagt ut store mengde bilete frå konvoien på eiga veikingside på nettet www.veikingkonvoien.com

Veiking- generalane Nupen, Bjerk og Knapstad blei inspisert av admiral Anders Haave frå Stavang, som svinga innom i full mundur for å sjekke konvoiflåten. Stavang Marina arrangerte konkurrerande kaidans på laurdag, men greidde ikkje å splitte troppane. Ein veiking er alltid trufast mot leiargavlen, og den var ute i øyane dette året. 

Tekst: Arve Solbakken
57757304
arve.solbakken@firdaposten.no

Foto: Dag Magne Knapstad

 
FRISKT: Det var friskt og godt ver på overfarten til Askrova.

 

 

 

 

 

 

1998 Florø-Stavang-Askrova

 

 

 
Morgonstemning i gavlen

Veikingkonvoien
Brandsøy,  6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com 

Revidert: 31.03.03 av  © Linken