Florø - Stavang - Rognaldsvåg
Fredag 22. til Sundag 24. juni 2007
(Veik - Vedvarande - Vasekte )

Gåvmilde veikingar

Sankthansaftan skipar Veikingkonvoien til Rotstockfestival på Rota i lag med Florø MC-klubb. Det vert tradisjonell bålbrenning, båtløyer og dans. Dagen etter går konvoien vidare til Fanøy.

Firdaposten, 17.  april 2007, av  Olav Hatlemark

Veiking generl Vidar Nupen i framgrunnen med Rotstok medhjelperene fra MC klubben Agate Hellesen, Tore Haugen og Rune Ekehaug. Bakerst Generalinspektør Dag Magne Knapstad og generalsekretær Dag Bjerk frå Veikingkonvoien
(Foto: John Holsvik Sørland)

Laurdag opna veikingfolket syltekrukkene, og ut rann det tusentals kroner til Bulandet grendalag og Værlandet vel.

Dei to laga får 10 000 kroner av fjorårets Veiking-overskot for det gode arbeidet dei har gjort med heimesida for øysamfunnet.

God støtte

Men nok òg for å vere uvanleg gode representantar for eit øyfolk som har støtta veikingkonvoien i vått og godt, med solid deltaking,

men også med fast musikk dei seinare åra og ekstra god fiskesuppe til konvoioffiserane.

 

Stavang - Rognaldsvåg

Under overrekkinga til heimeside- redaktørane Knut Rutledal og Linda Landøy i Florø laurdag, avdekte veikingkonvoigeneral

Vidar Nupen, i følgje med generalsekretærane Dag Roald Bjerk og Dag Magne Knapstad, ruta for sommarens Veikingkonvoi. Konvoien

går helga etter Kystfestivalen, 22.-23. juni.

Første etappe blir Florø til Stavang der sponbaron Anders Haave tek ansvaret for dans og underhaldning. Neste dag går

konvoien vestover til Rognaldsvåg, der grendelaget tek utfordringa med familieprogrammet. Dette blir Veiking nummer 11 i rekkja.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken