Konvoi nr. 4 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Årets Veikingkonvoi la frå kai Fredag 23. juni 17:30. med Nupegavlen i spissen med vel 60 tals båtar siglande etter ut frå Florøvika. Fleire hengde seg på etter kvert, og det blei et langt fantefølgje med mange forskjellige farkostar utover skorpefjorden i det nydelige været. Redningskøyta Platau var med for å trygge overfarten. Sjå kart over ruta. Tekst og Foto: Fin
velkomst på Rognaldsvågen. Båtane fylte all ledig kaiplass i heile vågen, og låg side om side rundt heil bukta. Ikkje sidan sildetida har det vert så mykje båtar samla i vågen. Båtane dreiv god kjeldesortering sortering sjølve, der seglbåtar skøyter, Trebåtar og "tupervare" klumpa seg saman etter storleik og type. Tradisjonen tru, blei folk sitjande lenge i båtane og skrøne og kose seg. Det var grilling og song, og Generalen gjekk rund med ei bøtte og samla inn deltakar avgifta på kr 4,20 hjå dei ulike båtane. Nokre T-skorter ble seld. Mange kom seg aldri ut tå båtane sine og ensa knapt at jonsokbålet blei tend ut på kvelden. Dansen på skulehuset varde til sola vel var snudd. Vel nede i båtane samla folk seg. Nokre tok kveld, mens andre forsette med gitarspel og song utover natta. Laurdag
Grendelaget hadde laga frukosttelt ved butikken, og mang ein trøtt sjel fikk ny kraft i kroppen, før dei gav seg i veg på den farefulle sjøreisa til neste stopp. Det blåste no kraftig opp til stiv kuling i få nord/vest, så dei små opne båtane fekk vaska seg godt. Dei fleste valte den alternative "veikingruta" rundt skorpa framfør å gå Båsundet. Vinden kom i kraftige kast ned etter fjellet på Skorpa, ein seglbåt fekk øydelagd segla, andre fekk vatten i diselen, med etterfyljande motorstopp, og måtte slepast, men dei fleste kom velberga til Fanøya. Dog ikkje i samla majestetisk flokk som dagen før, men gjevnt og trutt utover ettermiddagen. Dessverre blei konvoien litt meir spreidd i år, då båtane vart liggande både i Nordre og Søre Fanøy-vågen, samt Kvernhusvågen. Sola skein heil dagen, men den kraftige vinden som auka utover ettermiddagen gjorde at folk samla seg i lune viker og las Jakob Sande og spelte gitar , mens andre vart sittande i båtane. Grendelaget og robåtlaget selde grilla laks og haldt tombola ved Fanøybua. Mange sakna nok dei tradisjonelle Sjærgårdsløyene, som me håpar ikkje vil forsvinne. Ut på kvelden spelte Mirek og Astri opp til dans på flaken på Fanøybua, noko som skapte stor stemning. Det var ein sliten forsamling som som som relativt fort fant vegen tilbake til båtane etter dansen. To dagar på konvoi hadde nok tatt det meste av kreftene. Sundag
og heimreise. Takker Helsing: |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Også i år har Veikingkonvoien klart å lure sponsorpengar ut tå nokre blåøygde føretak. Sidan dei er så lettlurd er mogeligheita for at også du kan gjere ein bra handel med dei so absolutt til stades. For å sjå kven dei er: Trykk her. |
Veikingkonvoien 1996 - 2009
|
Revidert: 22.09.08 av © Linken |