Heim Innbyding Program Rotstock Båtruter Kart Presse Sponsora
Veikingkonvoi nr. 5,  2001
Florø - Stavang - Rota

Oppsummering.

 

 

Rekordveiking og flott jonsokfeiring
Den gamle gode jonsokfeiringa kom til attende Flora med Veikingkonvoien finvêret og den støre mønstringa på Rota. 80-90 båtar hengde seg på konvoien frå Florø og innover mot Stavang. Det vart tald 173 båtar i Stavang på laurdagen.  På Klubben brende eit kjempe bål langt utover søndagsnatta.   [les heile saka]

 

Rotstock-festivalen kan bli årlig
 

Torstein Kvenås (t.v.) og Knut Hjerman var nokre av dei som underheldt på Rota Jonsokkvelden.

Primus Motor Dag Magne Knapstad, er stornøgd med Rotstockfestrivalen: Dette kan godt verte eit årleg arrangement, seier han i dag.

Dagen før hadde svaret blitt eit anna. Då hadde han og Vidar Nupen og nokre få andre sentrale støttespelare stått i med å førebu arrangementer både natt og dag over lengre tid.  Men etter ein natts søvn og mykje positiv respons er han klar til å revurdere.

- Men eit vilkår er då at vi greier å få fleire til til å hjelpe oss, seier Knapstad. Han fremhever at heile arrangementet var eit stort dugnadsarbeid, men at for mykje nok fatt på han sjølve og Nupen.  Folk forstår kanskje ikkje alt som måtte gjerast med å rudde plassen, få sildeborda transportert ut, og sperrinane og telta på plass.

Til ryddejobben fekk dei i alle fal mykje god hjelp.  Der stilte mange frå konvoifolket med Værlandet karsk & Dartlag i spissen, tidlig søndag morgon og gav ei hand.

Knapstad har elles mange å takke og for god hjelp.  Mellom anna strømaggregat dei fekk låne og Vegvesenet som lånte dei transportabelt toalett.

Veikinggeneralen har tidligare skrytt over at sjeldan har nokon gjort så lite for at at det skulle bli så mykje.  Då sikta han til dei fyrste Veikingkonvoiane, der førebuingane stort sett berre var å få laga ei annonse.  i år måtte han sjølv legge inn svært mykje arbeid etter samankoplinga med Rotstock-festivalen.  Dette er ikkje sikkert at denne blandinga er den beste.

Firdaposten 26. juni 2001 
Olav Hatlemark

Blind umotivert vold kan øydelegge Veikingkonvoien. 
Alf Inge Hegrenes fekk brekt ein nakkevirvel  og ligg i dag på Sentralsjukehuset i Førde etter å ha blitt slått brutalt ned på kaia i Stavang ut på morgonkvisten laurdag. Når slikt skjer mister ein gnisten til å fortsette seier ein skuffa Veikinggeneral Vidar Nupen.
Vi kjem tilbake med meir om denne saka

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 


xxxxx

Sjå Kart over reiseruta

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken