Florø - Litle Høydal - Svanøy
Fredag 26. til Sundag 28. juni 2009
(Veik - Vrang - Vidunderlig )

Svanøybukt

Vyrde Veiking!     
Etter 13 konvoier overgår me oss sjølve. Me har også i år våga oss til å utvide horisonten i 2009 og, Vi har bestemt oss for å vitja en ny plass på fredagen. Nemleg Litle Høydalen

Fredag 26. juni,  Florø - Litle Høydal
Fredagen startar vi som vanlig samla på Florøvika, og køyrer strakaste  vegen inn fjorden til Litle Høydal, dr det blir dans og spel utover i dei små timane.

Laurdag 27. juni,
Litle Høydal  - Svanøy
Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! Etter sortering av fendrar, dreggtau, dieselfilter, formloff og solbadolje, dukkar vonleg startsveiva fram slik at motoren tek til å dunke. Då dunkar vi oss sørover til Svanøya  Det blir dans og mykje moro. Denne laurdagen bør det vere litt av kvart for ungar og familiefolk å ta seg til.

Til like med tidlegare år, er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale og eit kyss på kinnet. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar tar omsyn til alle kajakkar, og gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle.

Konvoiavgifta er beklagelig vis no komen opp i kr 7,- pr. båt. .

Konvoiavgifta betalar ein ved landligge på Bareksta eller Fanøy. Båtar over 30 fot må ut med dobbel avgift, mens kajakkar går som tidlegare år som B-post.

Veeel møøøtt!!

Hugs å kjøpe Årets T-skjorte og Veiking-kalott!!!

For dei som ikkje har eigen båt er det mulig å komme seg til Bareksta og Fanøy med rutebåt
 

Me i Veikingkonvoien vil oppfordre konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og nærbutikkane på øyene me vitjar har. Då er dykk med på å halde liv i bygdene og lokalsamfunna.

Veeel møøøtt i Veiking i 2009 !! 

Svanøya har nærbutikk, så bruk den til proviantering.

Nokre aktuelle lenkje til heimeside og skriv.

Litle Høydal Svannøy
   

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2009
 6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 22.09.08 av  © Linken