EIKEFJORD: Øyane og
småbygdene i Florøbassenget vore dei einaste med besøk av
Veikingkonvoien. I år vart kursen sett til Eikefjord, og hamna
i bøtkerbygda innfridde.
Firdaposten,
26.06.2010, av Dag Frøyen
Innledning
Det er 14 år sidan dei kom ut av skapet, dei som ikkje
våga seg med Vikingkonvoien til Island. Dei skapa sin
eigen konvoi som skulle halde seg langt unna det opne
havet. «Vill, vakker og veik» var slagordet småbåtfolket
tok til seg. I hopetal kasta dei loss og følgde Gavlen til
admiralen Vidar Nupen i veiking.
Rimeleg
Dette har vore konvoien for dei som ikkje eig 50-fotarar
ein må refinansiere huslånet for å bruke. Avgifta har
følgd portoen postvesenet. I år var den på ni kroner. (For
dei som har båtar over 30 fot må betale dobbelt porto). Vi
møtte konvoien etter at dei hadde lagt til kai i
Eikefjord. Der var det ei unison misnøye med at dei var
blitt kravd inn 300 kroner i kaiavgift per båt i Stavang.
I Eikefjord derimot var det gratis å legge til. Såleis
scora veikinghamn-debutanten Eikefjord mange goodwill
poeng.
Sol
Det var kjempestemning ved gjestebrygga der båtfolket kosa
seg i sola som etterkvart gløtta fram. På land vart det
servert grillmat og rapportane seier at det skal ha vore
19 grader på ettermiddagen laurdag. Noko skuffande var det
likevel at så få trebåtar var å sjå i konvoien i år.