Florø - Litle Høydal - Svanøy
Fredag 26. til Sundag 28. juni 2009
(Veik - Vrang - Vidunderlig )

Small Ships’ i takt med byjubileet

Veikingkonvoien set i år kurs for Høydalane og Svanøy i år. Det er trettande gongen, men grunna overtru og byjubileet, neste år er konvoien oppgradert eit år i fartstid.

Firdaposten, 16. juni 2009, av Dag Nesbø Frøyen

VEIK-VRANG-VIDUNDERLIG: Generalinspektør Dag Magne Knapstad t.v. og general Vidar Nupen inviterer til Veikingkonvoi 26. juni.

Å kaste loss for trettande gong ein fredag er slik som skremmer kjølesvinet av ein ekte veiking. Difor har Veikingleiinga bestemt det er 14. gong konvoien går den 26. juni. Og med dette glidande grepet har Veikingane gjort seg til medjubilantar når Florø skal feire 150 års jubileum neste år.  Men allereie meiner dei det er dags for å slå på stortromma.

Inspirasjon frå nord
Inspirert av dei store maritime arrangørane har Veikingkonvoien knytt til seg slagordet «Small Ships Race» i år. Og slik internasjonal sjargong må til skal vi tru generalen.
– Vi reknar med ein stad mellom 30.000 og 50.000 fartøy.
Ein vil etter våre reknestykke kunne gå tørrskodd frå Florøvika til Høydalane heile helga, poengterer Veiking-general Vidar Nupen.
Utover det at dei trur konvoien vil trekke dei fleste båteigarar i Norden, skal konvoien halde status quo i år. Men eit skjær i sjøen har dei allereie råka på.

– Vi let konvoiavgifta vere uendra frå i fjor. Den har har indeksregulert seg etter brevportoen i alle år. Til no har svigerfar min i posten oppdatert oss, men i år gjekk han av med pensjon.
No har det komme oss for øyre at portoen er auka til åtte kroner, vedgår generalinspektør Dag Magne Knapstad. Han tek på seg skulda for den kommande budsjettsprekken. Innbydinga er ute, og det første opplaget på 230.000 eksemplar blir sjølvsagt drege inn.
– Vi vil be om åtte kroner, men er audmjuke for dei som protesterer på prisen og legg sju på ripa, seier Nupen. Med denne gesten inviterer han alle med båt til å gå i Veiking i år.

Høydalen
Stiv pris på bunkers gjer nok til at mange båtfolk vil finne holmar og skjær tettare til heimehamna meir attraktivt i år. For leiinga i Veikingkonvoien, som for trettande året går i veiking, er det ikkje økonomi som ligg til grunn. Det er farane utanskjers.
Difor set den populære konvoien kurs vestover Florøvika fredag.
Dei skal gå tett i Havreneståa og kring Pyramiden og ut Ausa før dei legg mot babord inn Solheimsfjorden til Høydalane.
Her har bygdefolket gått til innkjøp av rikeleg med flytebrygger til gjestene som kjem sjøvegen.

Helleristing
I Høydalen blir alle invitert til besøk i Høydalen motormuseum som er eit must for dei som går i veiking. Men det er også ei markering i Høydalane som vil vekke stor interesse. Høydalane ligg kloss i det kjende Helleristingsfeltet Ausevika. Og fredag blir det avdekt ein til no ukjend helleristning.
På kvelden er det bandet Fant som speler opp.

Laurdag går konvoien vidare til Svanøy. På Sunnfjord perle blir det tilgang på Svanø’s Galleri og Hovudgården. På kvelden er det Nybø Band som spelar opp. Bandet som i veikingkretsar går under namnet «Veikingarna ».

«Vi reknar med ein stad mellom 30.000 og 50.000 fartøy. Ein vil etter våre reknestykke kunne gå tørrskodd frå Florøvika til Høydalane heile helga» seier Vidar Nupen- maritim gen

 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2012
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 04.11.11 av  © Linken