Florø - Ferøykavlen - Svanøy
Fredag 26. til Sundag 28. juni 2015
(Veik - Vaklande - Villfaren)

Veikingane har funne fredagshamn

"Sett stemnen mot Stabben og drei så litt sørover".'
Se  meir kart detaljer.

Firdaposten  14.05.2015  av  Liv Standal

Det var ikkje lenge dei vart gåande (eller seglande?) som vaklande og villfarne, veikingane. Og årets fredagshamn ligg berre ein pekyrandes liten tur frå utgangspunktet på Florevika - nemlig på Færøykavlen.

For nokre veker sidan melde Firdaposten at det såg ut til at dei bolde veikingane ikkje ville få ei felles hamn å gå til i år. Konvoileiinga gjekk ut og bad folk om å finne seg ei valfri hamn fredagen, ettersom dei ikkje hadde greidd å få landingsløyve nokon stad.

Generalsekretær Dag Knapstad vedgjekk at noko av årsaka kunne vere at dei var litt seint ute med førespurnaden i år, og slo fast at han hadde full forståing for at fleire grendelag sa nei takk til besøk.

- Det er ein stor jobb å ta i mot veikingane og ein får kanskje litt lite att for arbeidet, sjølv om grendelaga får behalde alle inntektene og kanskje sit att med 40-50.000 kroner. Dei arrangerer dans og og matservering og har vakthald i hamna. Men veikingane er kanskje litt for lite flinke til å nytte seg av tilboda. Mange blir sittande vel lenge i båtane og kose seg, noko som er synd for dei som lagar arrangement på land, seier Knapstad.

Men no har altså hellet snudd for det fryktsomme sjøfarande folket, og Færøykavlen håper dei skal finne plass til alle som kjem. Det er mogleg ikkje alle får ligge same staden, men vi håper alle skal få plass.

Som vanleg vil det bli mat og drikke å få kjøpt, og det blir dans med Punch.

Gå til Presseoversikt for 2015

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova