Florø - Stavang - Eikefjord
Fredag 25. til Sundag 26. juni 2010
(Veik - Våryr  - Viljesterk )

Velnøgde veikingar i Veikefjord!

Det er i alle fall inntrykket til dei aller fleste etter denne helga. Spesielt kjekt var det å kome til (V)Eikefjord, der grendalaget virkeleg hadde lagt seg i selen for å få til eit bra arrangement.

Veikingkonvoien, 27.juni 2010, av Vidar Nupen

Ca 100 glade farkoster var samla i Eikefjorden

Og det vart det til gagns!

Alt var profesjonelt og godt ordna, og folk fann seg godt til rette. Ekstra kjekt var det at dei som i utgangspunktet var litt negativ til å dra så langt inn i landet, verkeleg snudde og kom med overstrøymande ros til konvoistoppet. Som dei sa; Eikefjord vert ein opptur!
For i Eikefjorden var problem eit ukjent ord denne dagen. Overalt var det velvilje og smilande, hjelpsame folk. Når det attpåtil var gratis kaiplass, forsvann misnøya med å måtte betale kr. 9,- i konvoiavgift. Ja, enkelte betalte faktisk fleire hundre kroner i konvoiavgift, så ingen skal skulde veikingane for å vere gnitne.

Kor mange båtar som kom til Eikefjorden, er det vel ingen som veit heilt nøyaktig. Eit tidleg tal låg på 50 båtar, men litt utpå kvelden var nok talet truleg 80-100. Kanskje Eikefjordingane veit meir om det?

Vi sender ei stor takk til alle som bidrog til denne fine opplevinga der inne i fjorden. Neste år dreg vi i nok Vesterveg, det skal visstnok vere fleire grendalag som set pris på desse konvoistoppa. For sjølv om vi legg igjen litt drit og tomflasker, kan konvoien fort bidra med 40 -50 000 kroner til eit trengande grendalag. Og kven veit -kanskje vi eit år kjem tilbake til Eikefjorden?
 

 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2011
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 17.02.11 av  © Linken