Florø - Litle Høydal - Svanøy
Fredag 26. til Sundag 28. juni 2009
(Veik - Vrang - Vidunderlig )

Veikingar på fredeleg tokt til Svanøy
Firdaposten 4. juni 20 Av Eva Skomsø Svanøe

Så har det skjedd att, veikingane har kome seglande, tøffande, drivande inn  til  hamn på øya vår, stige i land og lagt att opplevingar, erfaringar og pengar.  

For ei lita øy med knappe 70 fastbuande, er  eit slikt arrangement eit krafttak på meir enn ein måte.   Det er ein økonomisk risiko for dei som står for innkjøp  og elles tek på seg  utgiftene, og det er ei mobilisering av arbeidsinnsats  som ein berre kan beundre.  Her må det leggast til at vi er så heldige at vi har ein  del menneske  med ulik tilknyting til Svanøy, som stiller opp til liks med dei fastbuande. Utan desse hadde vi ikkje kunne  teke imot så mange gjester.

Vi har ikkje noko tal på kor mange som gjesta øya vår i helga, og som skulle mettast og leskast det døgnet veikingane låg ved land med flåten sin.  Og veret som alltid er ei kjelde til uro på førehand,  var denne gongen maksimalt på arrangørane si side.  Ikkje i vår mest optimistiske stunder hadde vi forventa  at så mange skulle komme.

Dette førte til at dei som skulle halde vakt, måtte vakte fleire og med eit skarpare blikk, Dei som skulle lage maten , måtte få grillane til å steike raskare. Øltapparane måtte få ølet til å renne hurtigare ned i glasa, og dei som skulle komme med forsyningar måtte springe stadig fortare.  Berre Nybø Band kunne halde  ei meir melodiøs takt.  Så kan det vel hende at nokre av gjestene våre måtte vente litt på mat og drikke, eller at dei opplevde noko av stressnivået her. Men vi  håpar og trur, at dei  fleste kjende seg velkomne og godt teke vare på.

Veikingkonvoien er utkantpolitikk i praksis.  For Svanøy betyr dette besøket ei naudsynt styrking av økonomien til Svanøy Handel i tillegg til dei opplevingane vi får med oss.

Det er difor på sin plass å rette ei takk til dei som står bak konvoien og til alle dei som la turen til Svanøy.  Vi  håpar besøket ga meirsmak.

Takk fortener også alle oss som gjorde arrangementet  muleg.  Dette var endå eit døme på samhaldet og pågangsmotet på øya. Eg veit også at slikt gjev næring til håpet om eit liv også i framtida for dette vesle øysamfunnet.

Velkommen att eit anna år veikingar, til ei framleis blømande øy.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2012
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 04.11.11 av  © Linken